Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Juniorlaget utviklar spelet!



Adrian Wolff Nesse - kaptein på juniorlaget (arkivfoto)
Foto:Eirik Thue

Juniorlaget tek steg, og gjennomførte ein solid kamp mot Årdal FK på Kreklingen i kveld.

Vi er med i Juniorserien for å få god kamptrening, og å utvikle vår spelestil. I denne kampen mot Årdal FK sine juniorar viste Balestrandgutane at vi er eit lag i fin utvikling.

Sjølv om det er mykje å jobbe med, fekk vi tidvis vist spill av god klasse. Defensivt var vi solide i kveld og slapp Årdal til langt mindre enn i 3-1 tapet i Øvre Årdal sist onsdag. Vi vann vel nesten alle duellane på dødball i mot, og dei langskota som passerte forsvarsfiraren hadde Thor god kontroll på. Dette var eit resultat av god jobbing både i midtbaneleddet og i forsvarsfiraren. Vi kan vere spesielt godt nøgd med god jobbing 1. forsvararrrolla. Dette gjorde at mange av framspela frå Årdal vart unøyaktige, og dermed enklare å plukke opp. Lars Kjetil og Håkon speler tilnerma feilfritt, og skaper ein fin tryggleik bak. På backane brukte vi Kim, Kåre, Viljar, Daniel og Leif Thomas utan at det var merkbar forskjel - og der alle gjer ein solid jobb.

Offensivt fekk vi også sjå mykje meir spel opp på siste tredjedel av bana. Midtbana står betre opp og vi lukkast bra i opninga med ein trear med Georg og Birk i midten medan Torgeir er hengande bak Asgrim på topp. Adrian og Rony er då på kvar sin kant. Etterkvart gjekk vi over til ein rein firar i midtbana med Adrian og Birk sentralt, medan vi dytta Torgeir på høgrekanten. Dette var kanskje enda betre offensivt, sjølv om vi no fekk nokre balltap og brot mot frå midtbana.

Vi fekk sjå mange fine angrep, med langt fleire samtidige løp og gode bevegelsar kring ballførar, enn i dei forrige kampane. Dette gav då også resultat i at vi produserte fleire sjansar og scora to fine mål, eitt av Torgeir og eitt av Nicolai. Nils Tore Korosshaug som er trenaren til Årdal, stod noko betre plassert enn meg, meinte den eine var offside. Det kan kanskje hende - sjølv om våre spelarar som var innvolverte meinte at Torgeir var på rett side. Vel - det er ikkje lett å vere aleine dommar utpå der..

I denne kampen må eg nesten trekke fram Torgeir sitt kantspel, der han med flotte dragningar og finter surra rund med backen til Årdal, og kom til mange flotte innlegg frå høgrekanten. Vi fekk no også sjå Nicolai sin fabelaktige fart i eit par superløp - der eitt var svært nær ved å gje scoring. Også Kim hadde eit flott raid ned mot dødlina som vart avslutta med ein nært perfekt 45 graders pasning ut i feltet - som også nesten gav uttelling. Og Per Aki som kjem inn og speler glimrande! Trekker av spelrarar og legg gode pasningar inne i boksen!! Sat no og såg ein video frå gutekampen mellom Balestrand og Høyang tidleg i haust - og eg ser stor framgang! Det er moro.

Elles gjer alle spelarane ein god innsats og viser ei flott haldning - held konsentrasjonen og er positive til kvarandre gjennom heile oppgjeret. Eg er også svært godt førnøgd med at ingen går og masar på dommaren, men held fokus på spelet. Det er også kjekt at vi har 5 innbyttarar, og at kvaliteten i laget er den same før og etter alle bytta.  

Kampen endar 2-0 til Balestrand. Resultatet er slik eg vurderer det rettferdig og riktig i høve prestasjonane på bana. Juniorlaget tok steg i rett retning i kveld - og held vi fram med å jobbe godt på treningane her vi meir i vente!

Med på laget

Thor Knudsen (keeper)
Tommy Sværen Ese (keeper)

Lars Kjetil Nordeide
Håkon Haugen
Kåre Andre Thue
Kim Marifjæren
Viljar Bakke Nesse
Daniel Dale
Leif Thomas Faulkner

Georg Nesse
Birk Isane
Torgeir Hugdal
Adrian Wolff Nesse (kaptein)
Rony Olguin

Per Aki Kvikne
Asgrim Farnes
Nicolai Andersen



Skrive av: Arne Abrahamsen (28.11.11 - 23:41)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943926 besøk, sidan 18. juli 2005