Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


God innsats av juniorane



Kaptein Adrian Wolff Nesse fekk lagkameratane til å gje alt (arkivfoto)
Foto:Eirik Thue

Sjølv om det vart tap 3-1 på bortebane mot Årdal sine juniorar var det mykje positivt å hente frå denne kampen.

Med 12 spelarar i troppen, og der 2 var keeperar, hadde vi ikkje det mest solide utgangspunktet for å møte Årdal denne regntunge onsdagskvelden. Når vi i tillegg berre hadde med 1 spelar frå startoppstillinga i forsvaret frå forrige kamp, måtte vi tenke nytt og bruke litt av vår offensive kraft i bakre ledd.

Årdal gjekk friskt ut og det første kvarteret fekk vi kjørt oss mot raske angriparar og kantspelarar som utfordra bakromm. I denne fasen var læringskurva bratt for vår nykomponerte forsvarsfirar med Håkon og Kåre som midtstopparar og Adrian og Kim som backar. Men når Ardal var litt unøyaktige og Tommy hadde eit par gode redningar, kom vi etterkvart meir med i kampen og produserte nokre brukbare angrep. Trykket frå Årdal avtok og merkbart utover i omgongen. Etter 35 minutt får vi frispark i farleg posisjon når Torgeir vert lagt i bakken ca 20 meter rett utanfor målet. Årdal set opp mur utan at det hjelper stort. Asgrim takkar og bukkar, og set ballen hardt innved stolpen i keeperhjørnet.  Vi kan gå til pause med ei 1-0 leiing, som omgongen sett under eitt er litt i overkant,  - sjølv om Per Aki var svært nær ved å sette inn 2-0 på ein kjempesjanse like etter målet.

Men det er litt urovekkande at Rony har smerter i magen og ikkje klarar å starte andreomgongen, Håkon allereie har lege nede med krampe og Nikolai slit med leggen. I tillegg fekk Thor - vår einaste innbyttar - gult kort for feil innbytte når Rony måtte ut på slutten av omgongen...

I andre omgong jobbar vi godt defensivt og har bra kontroll. Men no har Årdal marginane med seg. Først set dei eit frispark frå skrå vinkel i mål via ein spelar. Sjølv om Tommy får fingrane på ballen smett den inn opp under tverrliggaren. Neste mål er eit flott skot frå høgresida heilt ute på hjørnet av 16-meteren, og ballen vert limt opp i motsett kryss. Ein god prestasjon! Det siste målet kjem etter eit bakrommsløp der to forsvarspelarar støter, og ingen fell av og sikrar (god læring!) Dette løpet vert avslutta med ein fin lobb over Tommy.

Det vert 3-1 til Årdal. Resultatet er samla sett heil OK i høve til kampbilete og prestasjonar gjennom heile kampen. Vi gjer ein brukbar defensiv kamp etterkvart som vi får spelt laget saman, og vi har faktisk betre struktur i 2 omgong sjølv om det er då Årdal scorar. Framover vert det litt tynt etterkvart som vi vert slitne og fleire slit med sitt. Det er då det er fantastisk å ha ein Kaptein som Adrian som oppmuntrar og støtter og får kvar spelar til å yte det dei kan og litt til. Og som etter kampen takkar kvar spelar for god innsats!!

Som gutetrenar denne sesongen har eg stort sett fått oppleve å reise heim etter kampar med seierar i bagasjen. Det er då enkelt å vere positiv og lett i steget.  Men eg må seie det er stort å oppleve korleis gutane opptrer i forhold til kvarandre under og etter denne kampen. Og eg vert jo nesten litt rørt når fleire lurer på om vi kan ha ekstra trening på laurdag.. 

Med på kampen var

Tommy Sværen Ese (keeper),

Kim Marifjæren
Kåre Thue
Håkon Haugen
Adrian Wolff Nesse (kaptein)

Rony Olguin
Torgeir Hugdal
Birk Isane
Nikolai Andersen

Asgrim Farnes
Per Aki Kvikne

Thor Knudsen (innbytte på høgre midtbane)

PS Ein takk til Kjell Rune Sværen som stilte opp å kjørte inn til Årdal dagen før han skulle på jobb

Går alt etter planen vert det returkamp mot Årdal her på Kreklingen allereie måndag 28.11.2011



Skrive av: Arne Abrahamsen (24.11.11 - 11:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935303 besøk, sidan 18. juli 2005