Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Kretsting for fotballen



Pokalar til Balestrand IL som avdelingsmeistrar i gutteklassa og herrer 5. divisjon
Foto:

Fotballen i Sogn og Fjordane hadde kretsting i Førde helga som var. Her var Balestrand IL synlege i fotballfamilien.

Det var kjekt å vere på Kretstinget til fotballen i Førde denne helga. Klubbane får her vere med å legge føringar for korleis fotballaktiviteten i fylket skal vere, og det var mange gode diskusjonar.

Av formelle vedtak som vart vedtekne kan nevnast

- 6 åringar skal med i miniputt-klassa frå sesongstart
- Seriespel for 9-10 åringar vidareførast som i 2011
- 5'ar fotball i J 11 klassa
- Endring i serietilbod i J13/14-klassa
- 11'ar for satsingsklubbar, ellers kun 7'ar fotball
- Auke i gebyr og bøter
- Spelarutviklingsstilling vidareførast til 2013

Fotballkretsen la også fram eit svært godt strategidokument med med den flotte visjonen "Lev draumen, nyt øyeblikket".

Elles er det kjekt å sjå at Balestrand IL vert lagt merke til i Kretsen. I tillegg til at vi mottok to pokalar for avdelingsmeisterskapen til gutelaget og herre 5. divisjon, er Oline Lønning på framsida, samt at det er eit flott bilde av heile Norway Cup jentelagetlaget inni årsmeldinga til Fotballkretsen. Fleire frå andre klubbar hadde også lagt merke til Balestrand IL, og mange gav positive tilbakemldingar på møte med klubben og det vi hadde fått til.

 

Skrive av: Arne Abrahamsen (22.11.11 - 10:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943887 besøk, sidan 18. juli 2005