Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Juniorlaget fekk smake på 4.divisjon



Adrian Wolff Nesse spelte ein god kamp som kaptein på juniorlaget (arkivfoto)
Foto:Eirik Thue

Balestrand sitt juniorlag møtte Førde sine juniorar i første kamp i vinterserien. Her fekk vi ein smak av neste års kvardag i 4.divisjon


Balestrand sine yngste herrespelarar og ein del gutespelarar utgjer Balestrand sitt juniorlag i vinterserien. Her skal vi møte Førde, Sogndal og Årdal sine juniorspelarar i ein dobbelt serie. Med andre ord store klubbar som alle har lag i 3. divisjon og betre. Dette gjev våre spelarar ein unik sjanse til å  trene mot svært god motstand. Førde sitt juniorlag er nærast identisk med 4.divisjonslaget til klubben, som kom på 4.plass i divisjonen denne sesongen. I tillegg til å vere bra samspelte, stilte dei med ein brei tropp og mange individuelt gode spelarar. Så dette var eit stor og flott utfordring for oss.

Vi vart samde om å fokusere på prestasjonar, og eit spelemønster vi ynskjer å utvikle framover mot sommaren både for herrelaget i 4. og 6. divisjon. Vi merka raskt at motstandarlaget var gode og at vi lett kunne bli straffa av små feil. Dette kravde konsentrasjon og innsats heile vegen. Balestrandgutane var spelemessig svært nær Førde i første halvdel av omgongen. Vi rulla opp nokre flotte angrep, og var direkte uheldig at vi ikkje putta minst eitt mål. Førde på si side viste etterkvart fram nokre prestasjonar i avsluttningsfasen av høg kvalitet og scora 3 flotte mål i omgongen.

I 2. omgong gjekk Balestrandgutane offensivt ut og pressa Førde. Det var slett ikkje urettferdig at Lars Kjetil kunne redusere til 1-3 på ei flott heading frå dødball. Utover i omgangen falt intensiteten i press på ballførar litt. Vi vart også litt slitne og feilplasserte i markeringane, og Førde fekk rulla opp nokre fine kontringar - og må vi inrømme - score ytterlegare 3 fine mål. Kampen enda 1-6 til Førde. Det var rettferdig at dei vann, men vi sat absolutt med ei oppleving om at dette ikkje var ein 1-6 kamp - men ein jamnare kamp ut frå spel og sjansar.

Det lovar også svært godt at Balestrand kunne mønstre heile 18 spelarar til denne kampen:

Ole Tjugum, Thor Knudsen, Tommy Ese, Georg Nesse, Håkon Haugen, Lars Kjetil Nesse, Viljar Bakke Nesse, Kjell A. Bakken, Kåre A. Thue, Nikolai Sundgot, Daniel Dale, Birk Isane, Torgeir Hugdal, Adrian Wolff Nesse, Rony Olguin, Asgrim Farnes, Kim Marifjæren og Nicolai Andersen.

Lars Kjetil gjer ein solid kamp og speler modent og med ein fin atoriet i midtforsvaret, medan Adrian er ein flott kaptein som trekker laget med seg på ein positiv måte. Over heile lina gjer spelarane mykje bra - og sjølv om vi har litt å øve på for å ta steget opp på Førde sitt nivå - var dette ei positiv erfaring! Stemninga i laget var flott før kampen - og etter kampen.

Det gjev det beste utgangspunkt for neste dyst som er mot Årdal FK onsdag 23.11.2011 i Øvre Årdal. Dersom alt går som vi ynskjer vert returkampen mot Årdal FK spelt her på Kreklingen allereie søndag 27.11.2011.



Skrive av: Arne Abrahamsen (17.11.11 - 20:53)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943951 besøk, sidan 18. juli 2005