Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gutelaget gav alt i Førde Cup



Bakken gav alt
Foto:

Gutelaget kom ikkje heim med medaljar frå Førde Cup, men dei gav alt..


Gutelaget hadde ikkje med seg medaljar - men dei  hadde likevel med seg mykje av det som er virkeleg er viktig. Den gode kjensla av at dei hadde gjeve alt, at dei hadde spelt feiande flott fotball og skapt gode prestasjonar og at dei hadde hatt ei flott helg saman i ein god venegjeng. "Den beste helga nokon sinne" som ein sa.

For det var ein noko redusert tropp som sette kursen mot Førde fredagskvelden. Det var faktisk ikkje før i femtida på ettermiddagen det var heilt sikkert at vi hadde eit lag i det heile. Men klokka 20.00 var sjumannstroppen med Tommy Ese, Kjell Andre Bakken, Torgeir Hugdal, Hans Petter Bildøy, Knut Lee, Viljar Bakke Nesse og Birk Isane ferdigpakka og klar for avreise.

Med eit utgangspunkt der vi mangla tre spelarar som truleg ville vore i ei startoppstilling, Viljar som ikkje hadde spelt inne på 2 år og null trening innandørs for laget - hadde vi berre svært forsiktige forhåpningar om å nå eit A-sluttspel. Det var nemleg berre vinnarane frå kvar gruppe som gjekk vidare til dette sluttspelet i guteklassa. 

Men gutane overraska både trenaren og seg sjølv. Laget fungerte godt saman og spelte flott fotball. Kampane i innleiande runde på laurdagen enda med føgjande resultat

Balestrand - Hovding 2      7-1    
Balestrand - Gaular           5-1
Balestrand - Førde 3         3-0
Balestrand - Førde 4         3-2

Med gruppeseier vart det kvartfinale mot Solund. Det var liten tvil om kven som var best og kampen enda 3-0. Så var det klart for Dale i semifinalen. Dette vart ein feiande flott kamp der Balestrand gjekk ut i hundre og leia 3-1 til det berre var 5 min att. Med det skjer fort inne.. Dale scora på 4 av 5 sjansar, medan vi ikkje klarte å punktere kampen etter å ha dominert og skapt mykje. Kampen enda 3-4 og vi må møte Førde 1 i bronsefinalen.

Dette er ein kamp som på papiret er rått parti. Førde 1 vart kretsmestrar i 1.divisjon gutefotball framom Florø og Eid som begge har svært gode gutelag. Men det her gutane virkeleg leverer ein kanonkap. Førde scorar, men Balestrandgutane spelar glimrande og trykker Førde bakover. Reduseringa til 1-1 kjem på ei flott frivending av Bakken på ca 10 meter, og eit kanonskot borte ved venstre stolpen. Så kjører vi kampen og har tre sjanser som alle er utruleg store. Vi er rett og slett uheldige som ikkje scorar på ein eller to av desse. I staden kontrar Førde og scorar når det er att 45 sekund.

Sjølv om det vart tap 2-1 - var eg som trenar utruleg stolt over gutane! Dei som var med stod opp, spelte flott fotball og gav alt - absolutt alt!  

Tommy og Torgeir i oppvarming.
Tommy tetta bak, medan Torgeir putta mål i hopetal.

Viljar spelte stort etter to år vekke frå innefotball.  

Birk fekk verkeleg opp dampen på søndagen

Knut tek seg ein pust på benken.
Spelte solid og regjerte jo i luftrommet bak!

Hans Petter i aksjon mot Gaular



Skrive av: Arne Abrahamsen (17.11.11 - 18:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939275 besøk, sidan 18. juli 2005