Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tap i Dale i gutane sin siste kamp



Frå kampen mot Dale her på Krelingen tidlegare i haust
Foto:

Gutelaget tapte 2-0 for Dale i siste seriekampen denne sesongen. Likevel vann laget serien klart.


Dale fekk altså  revansj frå møtet på Kreklingen tidllegare i haust der Balestrand vann fortent 3-1. Dale stilte eit noko sterkare lag enn sist, då dei no hadde med eit par nye spelarar som var fast på Dale sitt fjerdedivisjonslag. Dale var godt organisert bakover og slapp oss i liten grad til. I regnet sleit vi på vår side med med å vere nøyaktige i både mottak og pasningar, og spelet kom aldri opp på det nivået vi har hatt i så mange kampar i haust.  Første omgong var relativt jamn etter at Dale fikk eit litt billeg mål etter 2 minutt. I andre omgong var Dale best, og kunne scora fleire. Slik sett var 2-0 seieren fortent - og vi måtte gratulere dei med god ein solid gjennomført kamp!

Til trass for dette tapet i den aller siste seriekampen har Balestrandgutane gjennomført ein solid haustsesong. Med 8 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap er er gutane på topp av tabellen med 25 poeng og 27 plussmål. Det er 6 poeng før neste lag som vart nettopp Dale med sine 19 poeng og 3 plussmål. 

I tillegg til å vere dyktige på bana har gutane vist ein fantastisk flott haldning til kvarandre, motspelarar og dommarane. Det er svært hyggeleg å vere trenar når både motstandarar, dommar og foreldre kommenterer dette.

Alt i alt har det vore ei fin reise - og som trenar vil eg takke alle på laget for å ha fått vore ein del av denne!



Skrive av: Arne Abrahamsen (17.11.11 - 17:11)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943876 besøk, sidan 18. juli 2005