Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Bylagsserie



Synnøve har hatt ei flott utvikling denne hausten
Foto:Stig Høynes

Team Sogn med heile fire Balestrandjenter på laget.

I regi av Noregs Fotballforbund vert det i kvar krins teken ut bylag der dei beste spelarane
deltek. I Sogn og Fjordane er det tre bylag, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Uttaket skjer etter at klubbane nominerer spelarar. I år gjeld dette spelarar
født i 97 og 98. Spelarane møter så på uttakssamlingar der om lag 20 spelarar vert tekne ut.

Balestrand har denne hausten med heile fire jentespelarar på Sogn sitt bylag, Elsa, Synnøve, Rebekka og
Vilde. Rebekka og Elsa er i tillegg med på fotballkrinsen si toppgruppe. Det har vore tre treningssamlingar og ei turnering der Sogn vann begge sine kampar.
Det vert fleire treningssamlingar ut over hausten, i tillegg til to turneringar.

Elsa, Rebekka, Synnøve og Vilde er heilt klart fire lovande unge spelarar med gode ferdigheiter og ikkje
minst, gode haldningar, som det skal verte spanande å følgje i tida framover.




 


Rebekka er ein av fylket sine aller beste 14 åringar
Foto:Stig Høynes


Vilde er einaste 13 åring frå Balestrand på bylaget
Foto:Stig Høynes



Skrive av: Alf Høyrem (04.11.11 - 18:53)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943929 besøk, sidan 18. juli 2005