Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Uavgjort for gutelaget



Klart til avspark
Foto:

Gutane møtte bra motstand av Høyang sine gutar på Sletta i kveld. Kampen var jamn og enda 3-3.

Det var ein flott kveld i Høyanger med gode speleforhold og fin bane. Etter forrige kamp var det jo litt spenning i lufta. Det heile vart ikkje betre då vi måtte klare oss utan Birk som var ute med skade etter ein stygg overtråkk på nattcup.. Første skade sidan han starta med miniputt. Vi måtte difor komponere om midtbana og valdte å ha ei trear her med Elsa, Torgeir og Fredrik.  Elsa fekk oppgåva som defensivt anker medan Torgeir og Fredrik skulle vere meir offensive.

Kampen opna forsiktig... Litt sjeldan å sjå lag på gutenivå som står og trillar ballen i bakre firaren - utan press. Etterkvart bølga spelet litt fram og tilbake, men var prega av ein del feilpasningar frå begge lag. Baletrand fekk første målet. Dette var eit flott gjennomspel av Per Aki i bakrom til Asgrim. Asgrim tok ballen med seg i steget og scora sikkert. Men Høyang kom tilbake og scora på eit langskot som Tommy såg ut til å avverge, men som smatt inn nede ved stolpen.

Andre målet kom kom etter frispark frå Torgeir der keeperen til Høyang fekk slått ballen i tverrliggaren og ballen sprett ut i feltet.  Og kven andre enn Daniel dukkar opp og set ballen i mål til 2-1 til Balestrand. Men Høyang jobbar godt og kjem fleire gonger opp langs høgresida. Det er då også her dei bryt gjennom. Tommy redder første skotet, men returen set ein annan Høyangspelar sikkert i det opne målet. 2-2 held seg til pause.

Om vi var eit lite hakk betre i 1. omgong, er det er mest guts i høyanggutane i andre omgong.  Dei vil meir og kjempar meir heilhjarta. Det er likevel jamnt og igjen er det Balestrand med Asgrim som scorar til 3-2. Dette held seg lenge, men så slår Høyang inn eit innlegg frå venstresida frå 35 meter. Ballen får i staden ei perfekt boge og snik seg inn under tverliggaren i lengste hjørne. Så var vi like langt igjen! Sjølv om vi får ein svært stor sjanse heilt mot slutten der Knut smell til frå 16 metern etter ein corner, så vidt via keeper opp i tverliggar og rett ned i bakken - er det greitt og rettferdig med 3-3 og poengdeling i denne kampen. 

For prestasjonsmessig er vi eit stykke unna det vi har prestert på vårt beste denne sesongen. Vi får ikkje heilt tak i midbana. Vi er ofte litt unøyaktig i det offensive spelet og får i tillegg fleire balltap som fører til mange farlege overgangar i mot. Berre glimtviis ser vi det passningsspelet vi ynskjer å sjå -  der vi lar ballen gå mellom spelarane og der vi har gode initiativ rundt ballførar. Over det heile var vi ofte litt for seine og unøyaktige i mottaka, noko som fort forplantar seg i resten av spelet. Vi er også litt seine å komme opp i ballførar med ein god 1.forsvararjobb. På den måten får dei god tid til å spele sitt spel, medan vi får få brot og overgangar. 

Vi var rett og slett litt lite på hogget i kveld. Sjølv om kampen var jamn, tok den aldri fyr og vart aldri fylt av same lidenskap som den første kamen var. Men det er jo ikkje lov og forvente - så i kveld må vi vere nøgd med eit ok resultat sjølv om prestasjonane ikkje var heilt på topp.

Med på laget i kveld

Tommy Sværen Ese, Viljar Bakke Nesse, Knut Lee, Daniel Dale, Kjell A. Bakken, Hans P. Bildøy, Per A Thue, Elsa Nesse, Torgeir Hugdal, Fredrik Hanevik, Stian Stordal, Asgrim Farnes og Per A. Kvikne.



Skrive av: Arne Abrahamsen (24.10.11 - 22:59)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935304 besøk, sidan 18. juli 2005