Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Fort Kreklingen




Foto:

Heller ikkje Førde klarte å få med seg noko frå Kreklingen i guttelaget sin siste heimekamp no torsdag. Med det vann gutelaget alle sine heimekampar denne sesongen.

Etter veker og dagar med regn og meir enn sure dagar, skein det litt opp denne ettermiddagen. Det var med å gjere til at vi også denne kvelden fekk sjå nokre godbitar av gutane våre. Førde hadde bak seg eit respektabelt 1-1 mot Dale som var seriene sitt nest beste lag før denne runden, medan vi ikkje hadde spelt kamp på tre veker.

Balestrandgutane tok rask kommandoen og produserte fleire fine angrep. Første målet kom ved Fredrik. Han kom inn frå venstrekanten og sette ballen over keeper og i mål via stanga. 2-0 kom ved eit langskot frå Birk frå ca 25 meter som smalt inn ved høgre stolpe. 3-0 var dagens perle! Fredrik og Asgrim kombinerer på venstresida. Asgrim trekker av ein spelar på ca 25 metr og trekker seg innover og slår ei perfekt passning inn mot 16-meteren. Birk hopper over og Torgeir tek ballen med seg i steget og i ein Torgeir bevegelse glir han gjennom forsvaret og set ballen heilt oppe i venstre kryss. Vakkert!  4-0 målet er også vakkert - frå læreboka ville Arne Skeie ha sagt. Birk får ballen frå innkast på høgresida. Trekker av ein mann og kjem ned mot kortlina og inn mot mål. Her legg han ballen ut til Asgrim på straffemerket som kontant banker ballen i mål.

Sjølv om mykje var bra denne omgongen får vi nokre ballmiss på veg framover som alltid er farlege. Det er nettom slik Førde får redusert like før pause med at deira raske spiss kjem i ein rein løpsduell frå midbana og inn. Og han gjer ein god jobb når han til slutt set ballen utagbart til side for Tommy

Andre omgongen vert litt meir rotete enn den første. Vi er ikkje flinke nok til å slippe ball i riktige augneblikk og får mange ballmiss ved at vi går oss fast. Vi slit også litt med å ligge på rett side av deira spiss (framleis rask) og å falle av i forsvaret. Vi vert heldigvis ikkje straffa for hardt, men klarer heller ikkje å rulle opp så mange gode angrep. Men mål vart det likevel. 5-1 kjem på nok eit langskot frå 25 meter frå Birk. Han lada kanonen  utfor venstre 16-meterhjørne og sette ballen inne ved stolpen i lengste hjørne.  Så var det Asgrim på frispark  frå like utfor 16-meteren. Etter eit mislukka forsøk litt tidlegare, hørte keeperen no berre susen nå ballen fauk inn i keeperhjørnet - og 6-1. Så glipper det litt bak på ei djup bakromspassning og i gjen er spissen deira sikker og det står 6-2.

Førde kjem litt inn i kamen på slutten og skper nokre sjansar, men Hans Petter som har fått nokre minutt i mål gjer eit par fine inngripenar og avverger scoring. I andre enden kjem Torgeir ned til kortlina og forserer mot mål. Han slår hardt inn og Per Aki i god posisjon kan berre sjå på at ballen treff ein førdespelar og går rett i mål. Sluttresultatet vert 7-2 og med det vert 3 nye poeng att i Balestrand.

Med på laget

Tommy Ese, Viljar Bakke Nesse, Kjell A. Bakken, Elsa Nesse, Hans Petter Bildøy, Knut Hamre, Stian Stordal, Per A. Thue, Torgeir Hugdal, Birk Isane, Fredrik Hanevik, Per A. Kvikne, Asgrim Farnes.

Dette var siste heimekampen for gutelaget denne sesongen. Og Kreklingen vart virkeleg eit fort. Gjennom heile sesongen har det berre vorte sigarar her, og publikum som har stilt opp har fått sjå mange godbitar! Den mest intense kampen var nok utan tvil lokaloppgjeret mot Høyang der stemninga var elektrisk, medan den best gjennomførte kampen utan tvil var 12-2 sigeren over Tambargutane. I tillegg har det vore mange supermål og flotte prestasjonar med mange spelarar involvert. Det er også utroleg moro å sjå einkildspelarar som har teke lange steg, og også vore med å bidra til den gode sesongen til herrelaga. Og så har vi jentene då. Elsa og Oline som gjer gode prestasjonar i kvar kamp dei får sjansen på guteølaget.

Det er mest litt trist at det var site kampen her heime. For det spørs kva tid vi vil få att eit gutelag - og i allefall eit slikt gutelag!

PS   Neste kamp er bortekamp mot Høyang mandag 24.10 kl 18.00



Skrive av: Arne Abrahamsen (23.10.11 - 22:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935254 besøk, sidan 18. juli 2005