Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lite glød i flomlyset




Foto:


Ville ikkje nok, og dermed kunne Bjørn jubla.

Siste seriekampen heime mot Bjørn vart ikkje noko stor oppleving for spelarar og publikum.

Serien er for lengst avgjort, difor vart kampen fredag meir ein kamp for statistikken.

Sjansefattig

Førsteomgang var jamspelt der begge lag produserte nokon få sjansar utan å få ballen i nota.

I andreomgang greidde vi å leggja eit visst press på Bjørn, men dei var dødeleg effektive på ein kontring og scora mot spelets gang. Målet skjerpa oss såpass at det vart spel mot eitt mål på slutten, men bortelaget kjempa godt og snørte att sekken. Dermed gjekk vi på sesongens første tap på heimebane. Bjørn var revansjesugne etter at vi leika med dei i Gaupne i vår, der vi vann heile 7-2. Dei ville mest i siste seriekampen og vann difor fortent. Vi ønskjer dei lukke til i 5. divisjon neste år, og reknar det som sjølvsagt at dei på ny vil kjempa i toppen av tabellen.

Nye utfordringar

For vår del vert det spel i 4. divisjon, og då må vi opp på eit heilt anna nivå enn det som vart vist i flomlyset på Kreklingen stadion fredag kveld.

Dei to neste helgane er det KM-finalar for vår del. Motstandar er Skavøypoll. Dei vitjar oss førstkommande søndag. Fotballkretsen har plassert finalane til to helgar i haustferien. Dette har vi gjeve beskjed om, men har blitt møtt med lita forståing for at dette er eit problem for eit lag som har mange skuleelevar. Uansett vi stiller med eit godt lag, og ser fram til å spele mot Skavøypoll som har vunne si avdeling enno meir suverent enn oss.

Laget:

Ole Tjugum(Kjell Rune Sværen), Georg Nesse(Roy Kenneth Rendedal, Lars Kjetil Nordeide, Ole Petter Haugstvedt, Gustav Nesse, Birk Isane(Torgeir Hugdal), Johannes Nilsson(Arve Sjøtun), Adrian Wolff Nesse, Kristjan Ingi Nesse, Per Inge Belt(Rony Olguin).



Skrive av: E.T (04.10.11 - 13:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943905 besøk, sidan 18. juli 2005