Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Glimrande!!



Fredrik i farta
Foto:Vår Maya N. Høyvik

Balestrandgutane leverte truleg sin beste kamp nokon sinne då Tambarskjelvar vart slege 12-2 denne vakre haustkvelden.

 

For det var eit godt lag som gjesta Kreklingen denne kvelden. Tambargutane har hatt ein flott haustsesong og slege Førde 5-1, Dale 7-3, Høyang 5-0 og Gaular heile 8-0. Dei kom då også best i gang og pressa oss bakover. Dei fekk eit par cornarar, vann duellar og vi sleit rett og slett med å komme oss over midtbana.




Defensiv organisering på frispark til Tambar

Men litt gradvis og mest umerkleleg kom vi inn i kampen. Midtbana vår begynte å vinne duellar og pasningane begynte å sitte. - Og i perioden frå det 10-ande  og fram til 35 minutt speler vi nesten perfekt! Vi har eit stort press i 1.forsvararrolla og tvinger dei til å gjere feil. Vi får gunstige brot i midtbana og rullar opp gode angrep. Det er veldig flott å sjå kor gode løpa er og ikkje minst kor nøyaktige pasningane er frå samtlege spelarar. I denne perioden scorar vi 4 mål, Asgrim scorar 3 og Per Aki 1.


Asgrim var ein konstant trussel og scora 4 flotte mål i kveld.
Per Aki i bakgrunnen hadde også ein flott kveld med 2 mål.
Begge j
obba i tillegg godt med å sette høgt press og på den måten presse fram feil
og brot frå vår midtbane.

Tambar får eit greitt straffespark på ein sjeldan visitt på slutten av omgongen, og reduserer til 4-1. Etter det er dei med i kampen dei siste 5 minutta av omgongen.

 

 
Vår nr 5 - Torgeir Hugdal har ein velfortent pust i pausen.
Torgeir speler ein kjempekamp saman med Birk i midtbana.
Viser eminet teknikk og mykje flott pasningsspel. To mål i dag
det den eine er ein corner som vert curla rett i mål. 


Viljar spelte solid på backen. Har no mykje gode pasningar og sjeldne balltap.

 

Men om Tambar hadde eit håp i pausen, vart det nok fort noko redusert. For Balestrandgutane gjekk ut i hundre og vi på lina kunne berre smile og telje mål. På 15 minutt gjekk vi opp i 8-1 med flotte mål av Asgrim, Daniel, Torgeir og Birk.


Vi på sidelina hadde tid til å posere for fotagrafen medan vi telte mål
og gleda oss over gode prestasjonar.  
 

 


Frispark til Tambar. Per Arne, Torgeir, Daniel, Stian, Birk og Knut
finn posisjonar og hindrar Tambar å komme til nokon sjanse.


Birk rundar keeper og set inn 8-1


I fart...

Tambar reduserar til 8-2 etter ei fin opprulling på venstresida. Men Balestrandgutane har ikkje tenkt å ta kvelden. Nye angrep vert rulla opp på løpande bånd og 4 nye mål vert scora før dommaren bles av kampen.  Målscorarar var Torgeir, Per Aki, Stian og Birk.


Eit sluttresultat på 12-2 hadde i allefall ikkje eg tenkt som mogeleg før kampen. Slik sett vart det heller ikkje spennande. Men i dag kunne vi fryde oss over ein rad med prestasjonar som held høg klasse. Dette er nok den best gjennomførte gutekampen eg har vore med på - og eg trur heller ikkje det har vore mange slike kampar på gutenivå her Kreklingen oppigjennom! 

 

Med på kampen var
Tommy Sværen Ese, Knut Lee, Daniel Dale, Kjell A. Bakken, Viljar Bakke Nesse, Fredrik Hanevik, Oline Lønning, Per Arne Thue, Stian Stordal, Birk Isane, Torgeir Hugdal, Per Aki Kvikne, Asgrim Farnes.

 


Dagens Gutespelar:   Oline Lønning
Oline viser at ho held nivået! Gode og kloke pasningar. I dag beit ho også
godt frå seg i duellane og var svært nær scoring. 

 

PS Alle flotte bilete frå denne og forrige kamp er teke av gutelaget sin nye
stjernefotograf.  Vår Maya Nyland Høyvik.
 



Skrive av: Arne Abrahamsen (29.09.11 - 23:47)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935240 besøk, sidan 18. juli 2005