Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Spennande kampar på Kreklingen




Foto:

I kveld torsdag tek gutelaget mot Tambarskjelvar kl 19.00, medan herrelaget møter Bjørn i morgon fredag kl 18.30

 

Gutelaget vil få skikkeleg motstand når Tambaskjevar kjem på besøk no i kveld kl 19.00. Etter første kamen i Naustdal i august, der Balestrandgutane vann ein jamn og tett kamp 1-0, har Tambargutane berre vunne - og med større siffer enn oss. Her vert det alt anna enn plankekjøring. 

 Frå 1-0 kampen i Naustdal

 

Herrelaget skal ut i siste ordinære seriekamp fredag kl 18.30. Kampen er mot Bjørn - og var lenge spådd (frykta) å bli ein avgjerande seriefinale. Slik gjekk det ikkje, men Bjørn vil nok gjere alt for å revansjere tapet på grasbana i Gaupne tidlegare i haust. For Balestrand er det viktig å halde koken - ikkje minst ha ein god følelse inn mot KM-finalane mot Skavøypoll neste helg.

 Opprykksfeiring!

 

Kom og ver med som den 12 spelar - og hei fram Balestrandgutane!
Dei fortener det.



Skrive av: Arne Abrahamsen (29.09.11 - 11:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4361455 besøk, sidan 18. juli 2005