Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget held koken



Per Arne i fint driv.
Foto:

Gutelaget møtte tidvis god motstand av eit revansjesugent Gaularlag.

 

Gaular sine gutar hadde ein respektabel 5-2 siger over Førde som inngang til kampen. Og det var tydeleg et Gaularlag som hadde intensjon om å gje oss kamp om poenga. Dei opna friskt og hadde ein rask høgrekant som viste seg fram. 

Men Balestrand har spisskometanse framover på bana. Etter nokre minutt får vi tak i midbana og kombinerer fint. Asgrim legg att til Per Arne som slår gjennom på direkten. Her kjem Birk på eit djupt løp i midten og tek ballen i steget, fører den 10-20 meter før han legg den forbi keeper.


Birk på løp

Så er det Birk som er servitør. Har ballen på 25 meter framom eit tett forsvar. Asgrim gjer eit flott løp på tvers, og Birk kan stikke ballen gjennom. Aleine med keeper gjer heller ikkje Asgrim feil.

Så er det Torgeir og Per Aki sin tur. Torgeir trekker av 2-3 spelarar og kjem heilt ned til kortlina. Her legg han eit perfekt innlegg over keeper og på bakerste kan Per Aki heade kontrollert i mål. Og det er 3-0 etter 15 minutt!


Per Aki speler ein god kamp igjen.

Så jamner det heile seg ut. Gaular kjem etterkvart godt inn i kampen og skaper eit godt trykk på oss. Det er på høgresida det skjer. Her kjem dei gjennom tre, fire gong, og då vert det farleg. Og det er også slik reduseringa kjem. Ein svært rask forsering av høgrekanten som parkerer både back og stoppar, og framfor mål er dei plutseleg i overtal og då ligg ballen i mål. I denne perioden har Tommy ei god redning og Kjell Andre også ei svært viktig lang tå i ei sklitakling. Stillinga 3-1 held seg med det til pause.

 


Når vi vert pressa tek Fredrik fram nye triks...

I pausen juster vi litt på lagoppstilling med å setje Viljar på deira høgrekant. Vi vert også samde om å senke midtbana litt for å hindre dei å spele opp imellomrommet. Medan "ein tidleg dusj" får ei ny meining, og vi på lina kryp inst inn i innbyttarbenken, tek Balestrandgutane gradvis over.


Regntid...

Viljar speler virkeleg stort, og høgresida deira er plutseleg ingen trussel. Midtbana vår tek over og medan vi ruller opp angrep skjer det lite andre vegen. Fredrik kjem fint fleire gong på venstresida og får vist seg fram på ein flott måte. Midt i omgongen får vi løn for strevet. Birk får ballen frå Fredrik ute på venstresida 6-7 meter utanfor 16-meteren. Han trekker seg på tvers og smell til med eit godt langskot som finn nettmaskene nede ved venstre stolperot.


Daniel, Bakken og Stian har etterkvart god kontroll bakover.

Vi har fleire gode sjansar både med Asgrim, Per Aki og Fredrik, men fleire mål vert det ikkje og kampen endar 4-1. Vi er likevel godt nøgde med prestasjonane og det at vi klarte å ta tilbake initiativet i 2. omgong. Alt i alt - igjen ein solid prestasjon av gutelaget!

 

Med på laget
Tommy Ese, Daniel Dale, Kjell A. Bakken, Viljar Bakke Nesse, Stian Stordal, Hans Petter Løvoll Bildøy, Per Arne Thue, Birk Isane, Torgeir Hugdal, Fredrik Hanevik, Asgrim Farnes, Per Aki Kvikne.

 

PS Neste kamp er torsdag 29.09.2011 mot Tambarskjelvar på Kreklingen. Etter Tambarskjelvar tapte mot oss i august har dei vunne alle kampane sine med store siffer. Så her vert det kanskje meir intenst enn nokon av oss på sidelina set pris på...



Skrive av: Arne Abrahamsen (23.09.11 - 00:30)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935247 besøk, sidan 18. juli 2005