Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Opprykk!!! Balestrand i 4.divisjon 2012!




Foto:


Usikkerheit før kampen

Etter det sure tapet mot Gaular i sist kamp fekk me oss ein stor opptur med siger mot Stryn sine nest beste og sikra oss opprykk. Det var knytt mykje spenning til denne kampen som me i utgangspunktet jobba for å utsette. Med heile seks spelarar i fotballhovudstaden Manchester, Eirik og Håkon skada pluss at Daniel var suspendert vart det litt utfordrande å komponere eit slagkraftig lag.

Når Stryn ikkje gjekk med på å flytte kampen klarte me likevel å stable i hop heile 18 mann. Dette viser kor viktig det er å ha både eit gutelag og eit rekrutteringslag i 6.divisjon.  Og ikkje minst viser det at me har ein brei tropp.

Kva som møter ein når ein spelar mot 2.lag er alltid spennande. Dommarkortet viste at dei hadde med eit par mann som var på benken for 1.laget dagen før. I tillegg spelte Pål Holko som har mykje erfaring frå 3.divisjon. Elles bestod laget for det meste av unge spelarar.

Sjansesløseri i 1.omgang

Før kampen vart me einige om å spele med to spissar for å unngå å verte baktunge. Dette fungerte godt då både Per Inge og Asgrim var flinke til å bevege seg og stresse forsvararane. I tillegg jobba midtbana vår bra og var flinke til å komme på løp framover. Nordfjordingane prøvde å spele langs bakken, men lykkast ikkje veldig bra med det og møtte sine overmenn i vårt unge mannskap.  Underteikna forstod tidleg at dette ville gå vegen då me ganske raskt fekk eit overtak. Sjansane kom med stadig kortare mellomrom og det var eigentleg uttruleg at me ikkje klarte å få ballen i mål før pause.

God start
I pausen vart det snakka om at me måtte vere meir konsentrerte i avslutningane og elles berre spele slik som me hadde avslutta 1.omgang.  Dette såg ut til å virke då Per Inge endeleg fekk utteljing og skåra det forløysande 1 – 0 målet etter berre eit par minutt av 2.omgang. Same mann laga 2 – 0 like etterpå og det meste låg til rette for feiring av opprykk. Etter ca ein halvtime skåra Stryn på ein kontring og skapte ny spenning i kampen. Heldigvis satte dagens mann, Per Inge, inn 3 – 1 like før slutt og roa nervene til nervøse medspelarar, støtteapparat og til dei som fekk oppdateringar på SMS. Punktum for det heile satt debuttant Per Àki Kvikne som plutseleg var åleine framfor mål etter ein fin pasning frå Arnstein. Unge Kvikne lot seg ikkje be to gongar og laga 4 – 1 med sitt fyrste spark på ballen berre sekundar etter han kom inn og eitt minutt på overtid.

Ungdommen fekk vist seg fram

Mykje positivt å ta med seg frå denne kampen. Det viktigaste er sjølvsagt opprykket som er klart med to kampar igjen. Elles er det ekstra kjekt å sjå at dei unge spelarane viser seg fram og tar ansvar. Heile fire gutespelarar får speletid i dag. “Veteranane” blant desse, Birk og Asgrim, viser nok ein gong kva dei er gode for, men det varmar å sjå det nye lovande talentet Torgeir vise fram både bra teknikk og arbeidsmoral. Eg vil og trekka fram to av 18 åringane vår, Adrian og Lars Kjetil, som spelar som veteranar på 30! Og til slutt fortener Magnus Algerøy ros, som tok turen frå Bergen og stilte opp på kort varsel, då me oppdaga at han framleis var registrert for spel for Balestrand. Det gjorde at dei tre forsvararane som me mangla ikkje var nemneverdig sakna.

Fire kampar igjen av sesongen

Neste kamp går borte mot Jølster 2 måndag 26.september. Reknar med at alle er klare til innsats, i så fall får me i trenarteamet utfordringar med laguttaket. For å bruke Finn Tokvam sitt sitat: «Houston we have a luksus problem».

Den siste seriekampen er mot Bjørn som verkar sterke og har 26 – 2 og tre sigrar på dei tre siste kampane. Etter kampen mot Bjørn vert det to kretsfinalar, truleg mot Skavøypoll.

 

Balestrand – Stryn 2, 4-1(0-0)
Mål: Per Inge Belt 3 og Per Àki Kvikne

Kjell Rune Sværen - Roy Kenneth Rendedal, Magnus Algerøy, Lars Kjetil Nordeide, Adrian Wolff Nesse - Rony Olguin (Øyvind Neset), Johannes Nilsson, Birk Isane, Torgeir Hugdal (Nickolay Andersen), Asgrim Farnes (Per Àki Kvikne), Per Inge Belt (Arnstein Menes)

Ubrukte reservar: Ole Tjugum, Viljar Nesse og Tommy Ese.



Foto:



Foto:



Skrive av: Sveinung Alværn (21.09.11 - 10:08)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935287 besøk, sidan 18. juli 2005