Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ny god forestilling av gutelaget



Stein, saks, papir..
Foto:

Gutelaget kom under 0-1 tidleg, men kjempa seg sakte men sikkert inn i kampen.

 

Dale var eit godt og jamnt lag som starta best etter ein litt roleg og avventande start på kampen. Dei  jobbar godt, vinn ballen heilt nede på venstresida og får slått eit innlegg. Vi er litt passive i markering og duellspel, og ein Dalespelar kan enkelt heade inn 0-1.

Etterkvart får vi meir energi inn i spelet og gradvis tek vi over. Vi produserer etterkvart fleire bra sjansar, og også nokre feite.. Men keeperen deira er god! Vi er nok ikkje heilt skarpe heller, men det følast som om marginanane ikkje heilt er på vår side. Men så kjem målet. Asgrim lader kanonen frå vel 20 meter og ballen duppar over keeper.  1-1 held seg til pause.

Etter pause held kampbiletet seg. Vi kjører kampen, men stangar mot forsvar og ein keeper som støtt er i vegen. Så midt i omgongen får vi løn for strevet. Etter ein corner smell Daniel ballen mot mål. Ballen vert først redda på  streken, og i eit fortvila forsøk på å klarere ballen som er på veg inn, smell ein Dalespelar ballen vidare inn i målet.

Dette 2-1 målet utløyser store jubelscenar - og mykje energi. No tek kampen litt fyr og Balestrandgutane kjører på. Asgrim vert spelt flott gjennom, og gjer alt perfekt når han rykker i frå og set ballen opp i høgre hjørne. Med 3-1 er kampen kjørt. For no dominerer vi midtbana fullstendig, og rullar opp fleire gode angrep. Vi jobbar svært god defensivt med stor agressivitet i presset. I tillegg til ikkje å slippe Dale til noko som helst, får vi mange fine brot og overgangar.

Det vert med 3-1. Men vi sit att med ein god følelse av å ha reist oss, og spelt oss gradvis opp utover i kampen. Alt i alt i ein flott prestasjon av heile laget. Ein flott gjeng!

 

Med på laget i dag var:
Tommy Sværen Ese, Kjell A. Bakken, Daniel Dale, Knut Lee, Viljar Bakke Nesse, Leiv Tomas Faulkner, Elsa Nesse, Stian Stordal, Fredrik Hanevik, Birk Isane, Torgeir Hugdal, Per Aki Kvikne og Asgrim Farnes.



Skrive av: Arne Abrahamsen (15.09.11 - 22:47)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943879 besøk, sidan 18. juli 2005