Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tidvis bra, tidvis litt rotete



Arkivbilete
Foto:

Variable prestasjonar då gutelaget slo Gaular 6-3 på heimebane.

 

I denne kampen fekk vi sjå glimtvis flott spel.  Solid stopparspel med Bakken i storslag og fikse kombinasjonar og gode pasnigar direkte i bakrom. Vi puttar 6 mål med 6 forskjellige målscorarar!  Det må vel vere rekord - i allefall personleg rekord.

1-0  Kjell Andre  Bakken  - heading frå corner
1-1  (laaangskot frå frispark) 
2-1  Torgeir Hugdal  -  skot frå 35 meter.
3-1  Per Aki Kvikne  -  set inn ein retur frå kort hald
4-1  Birk Isane  -  tek ned ein ball i feltet og legg den i hjørnet 
5-1  Asgrim Farnes  -  tek ned ein stuss i feltet og legg den i hjørnet
5-2  (straffe)
6-2  Daniel Dale - heading frå corner
6-3  (langskot gjennom forsvaret)

Men vi fekk også sjå unøyaktig pasningsspel, manglande initiativ frå spelararne rundt ballførar og utolmodighet i angrepsspelet. Med det meiner eg at vi ofte spelte tidleg på første bevegelse med langt strakk mellom midtbane og spissane. Vi prøvde å rette på det i 2. omgang for oftare å få midtbana med i spelet på siste tredel av bana. Det klarte vi tidvis, men vi var ikkje nøyaktige nok i siste trekket - og keeperen deira var veldig, veldig god ved eit par høve.

Men slik er det. Prestasjonane svinger - og vi lærer. Dei gode prestasjonane tek vi med oss, og prøver å gjenta dei oftare. Det får vi sjansen til allereie no på torsdag kl 19.00 mot Dale IL her på Kreklingen. Etter tidlegare resultat å dømme vert det ein vanskelegare oppgåve enn i dag...  

Med på laget i dag var:
Tommy Sværen Ese, Kjell A. Bakken, Daniel Dale, Knut Lee, Viljar Bakke Nesse, Stian Stordal, Roger Sande, Fredrik Hanevik, Birk Isane, Torgeir Hugdal, Per Aki  Kvikne og Asgrim Farnes.



Skrive av: Arne Abrahamsen (13.09.11 - 23:19)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935876 besøk, sidan 18. juli 2005