Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gjekk på ein smell




Foto:Jarle Geithus

Robuste sunnfjordingar stogga oss

Gaular var det første laget som tok skalpen vår denne sesongen. Den storvokste gjengen fekk oss inn i deira spelstil, og dermed vart det tap. Heimelaget var knallharde i duellspelet, kjappe på overgangar og det lyste vinnarvilje av dei raudkledde. Heilt som forventa. På gode dagar spelar me slike lag trill rundt, men fredag kveld stemde lite. Noko av forklaringa på det var at me måtte rokkera ein del på laget, grunna skader, sjukdom og andre syslar.

Tok leiinga
Me kom likevel best i gang og tok leiinga, etter at Ole Petter fekk ballen servert framfor mål. Gaular utlikna like etter på straffespark som Kjell Rune laga. Han kom for seint i ein takling og dommaren gjorde det einaste rette då han peikte på straffemerket. 
Laga gjekk til pause med eitt mål kvar.

Sovna
I pausen vart det snakka om at me måtte koma tettare opp i markeringane. Men det må ha gått hus forbi dei fleste. For Gaular sin nummer 9, som var ein svært god spiss, fekk venda opp på midtbana to gonger utan ein balestrandspelar i nærleiken. Med høgt tempo kontra dei inn to mål på denne måten. 
Den siste halvtimen var det einvegskøyring i Sande. Ole Petter scora sitt andre for dagen på ei flott hedding, og det var nerve i kampen att. Men forsvarsrekkja til heimelaget var samansett av folk som har vore i krigen før. Me pressa på, men greidde aldri å bryta gjennom. Dermed vart det tap. Det var surt, men me må leggja det bak oss og sjå opp og fram.

Hylekor
Me skriv sjeldan om dommaren, men det er grunn til å takka Frank Heggestad for ei bra gjennomført økt. Han hadde fortent betre enn det han fekk servert på den flotte kunstgrasbana. Han vifta med gule kort i høgt tempo og sende også ein kar i raud drakt i dusjen på slutten. Sjeldan har me høyrt meir syting og klaging på den svartkledde. Det er trist å høyra på slikt jammer i 90 minuttar. Det som er skuffande er at våre spelarar blir påvirka og følgjer Gaular sitt eksempel og stiller seg i hylekoret. Dette er unødvendig og gjer at det blir feil fokus. Dette vil me ta opp internt og få slutt på.

Eigne hender
Det var ikkje berre trist i Sande denne haustkvelden. Roy Kenneth var i førsteoppstillinga for første gong denne sesongen, etter fleire gode kampar på 2. laget. Han var solid på backplassen, og var involvert i begge scoringane våre. Det varma også alle fotballhjerter i Balestrand å sjå Kristoffer Lønning tilbake på bana. Han kom inn i andre omgang og brukte ikkje lang tid på å servera ei målgjevande pasning.
Flott.
Status
Tapet betyr at ingen ting er avgjort i toppen av tabellen.
Me held framleis 1. plassen, men det er ikkje like konfortabelt lenger. Så det kan gå mot ein spenannde innspurt. Neste godbit på Kreklingen er mot Stryn 2. Det kan bli ein rein opprykksfinale. 

Gaular - Balestrand 3-2(1-1)
Mål: Ole Petter Haugstvedt(2)

Kjell Rune Sværen - Roy Kenneth Rendedal, Daniel Nordeide, Lars Kjetil Nordeide, Gustav Nesse (Per Inge Belt) - Rony Olguin (Kristoffer Lønning), Georg Nesse, Adrian Nesse, Kristjan Ingi Nesse, Asgrim Farnes, Ole Petter Haugstvedt.



Foto:



Skrive av: ET (12.09.11 - 11:02)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939298 besøk, sidan 18. juli 2005