Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Solid av gutelaget



Fair playhelsing før kampstart
Foto:

Guttelaget viste svært gode takter då dei slo Førde 3  4-0 bortebane no på torsdag.

 

Etter at Førde 3, som er Førde sine nestbeste guta,r gjekk ut med eit visst trøkk dei første 5 minuttane, tok Balestrandgutane over og kontrollerte resten av kampen. Forutan eit par langskot som Tommy hadde full kontroll på, kan eg ikkje komme på at Førde hadde ein kvalifisert målsjanse gjennom heile kampen. Det er ganske sjeldan på gutenivå når laget er såpass godt som Førde 3 var.


I tillegg til å vere botnsolide defensivt skapte vi mange fine angrep. Ballen gjekk hurtig langs bakken i mange trekk. Det var spesielt moro å sjå mange flotte kombinasjonar som opna opp forsvaret deira, og at det fleire gong var svært god timing mellom pasning og løp. Til pause var det 2-0 til Balestrand etter mål av Asgrim og Per Aki. Målet til Asgrim burde opplevast - eit kremmarhus med venstra frå kring 20 meter som duppar over ein sjanselaus keeper og inn under tverliggaren.

Andre omgong heldt fram som første. Oline regjerte på høgresida av midtbana, medan Elsa kom inn på midtstopparplass siste halvtimen utan at Førdegutane fekk nokon lettare oppgåve av den grunn! Her har vi to jenter som glir rett inn i gutegjengen og som også held nivået. Det er jo spesielt imponerande med Elsa som enda er småjente..

Med Torgeir og Birk i midtbana har vi også eit svært spennande par i denne posisjonen, og som ser ut til å finne tonen betre og betre. Her vart angrep etter angrep sett i gang, og berre ein god keeper og litt marginale utfall på avslutningar gjer at vi, dvs. Asgrim «berre» scorar 2 til. Eg vil likevel trekke fram Per Aki - fordi han har vist stor framgang i det siste. No ser vi ein spelar som står godt på beina og heile vegen er med og speler dei andre spelarane kring seg gode. I tillegg scorar han også mål - noko som er hyggeleg for ein spiss..


Denne kampen er kanskje den mest solid gjennomførte kampen eg har vore med på med gutane - motstandar teke i betraktning. Det er rett og slett ein gjeng som stadig vert litt meir modne, og som jobbar for å bli betre. Sjølv om nokre spelarar er nemnde, la det vere klart - i denne kampen gjorde alle jobben sin og vel så det.

Med på laget var
Tommy Sværen Ese, Leiv Thomas Faulkner, Kjell Andre Bakken, Daniel Dale, Knut Lee, Viljar Bakke Nesse, Elsa Nesse, Stian Stordal, Per Arne Thue, Oline Lønning, Torgeir Hugdal, Birk Isane, Asgrim Farnes og Per Aki Kvikne.

 

PS  Neste kamp er heime på Kreklingen allereie  tysdag 13.09 kl 19.00. Motstandar då er Gaular.



Skrive av: (10.09.11 - 22:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935885 besøk, sidan 18. juli 2005