Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Haugstvedt og Co straffa Askvoll/Holmedal




Foto:Jarle Geithus


Sesongens største siger

Søndagens kamp vart aldri spennande, men mål er alltid kjekt å sjå på. 8 – 0 var eit greitt resultat der det frå fyrste spark på ballen ikkje var tvil om at heimelaget var best. Utteljinga var grei, men med større dyktigheit og meir flaks kunne det blitt tosifra. Det kunne det og blitt om dommaren hadde praktisert at tvilen skal gå angripande lag til gode ved offside…

God start

BIL fekk ein perfekt start på kampen då Asgrim gjekk på eit flott bueløp og Johannes fann han med eit godt gjennomspel. Den unge spissen vår kom åleine med keeper og fekk pirka ballen forbi til 1 – 0 etter ca to min. Rett etterpå gjekk Gustav på eit av sine mange offensive raid og vart felt innanfor seksetenmeteren. Ole Petter skåra sikkert på den påfølgande straffen. Etter denne kanonstarten vart det litt rolegare før det tok seg opp det siste kvarteret. Då fekk me fleire sjansar til å lage 3 – 0, men lykkast ikkje før Ole Petter på ny fekk sjansen frå elevemeteren. Nok ein gong var det Gustav som vart felt. Noko som betyr at han har skaffa tre straffer på dei to siste kampane. Ikkje verst av ein venstreback!

2.omgang

Etter 3 – 0 til pause hadde heimelaget endå fleire mål på lager etter kvilen. 4 – 0 kom ved Kristjan Ingi og litt seinare satt Ole Petter sikkert inn sin tredje straffe for dagen etter at Adrian vart felt og bortelaget fekk ein spelar utvist. Utvisninga gjorde nok sitt til at Balestrand fekk meir spelerom og putta tre mål på slutten av kampen. I tillegg fekk innbyttarane, med sine friske føter, markert seg på ein positiv måte, der blant anna Per Inge viste prov på målteft med to mål.

Oppsummering

Alt i alt var dette ein bra kamp frå vår side. Alle spelarane gjorde ein godkjent innsats og heile kamptroppen fekk seg speletid. Det kjem godt med no i innspurten, der me heilt sikkert får bruk for heile stallen. Elles var det veldig bra at me ikkje slapp inn mål. Heile forsvaret, inkludert keeperane, spelte solid. I tillegg, med Gustav i spissen, hadde dei mange gode bidrag offensivt.

Neste kamp blir borte mot Gaular, som verkeleg har komme i siget, på kommande fredag. Då blir det nok tøffare motstand.

Kampfakta:

Balestrand – Askvoll/Holmedal 8-0 (3-0)

5. divisjon, Kreklingen stadion

Mål: Ole Petter Haugstvedt 3 (3 str), Per Inge Belt 2, Asgrim Farnes, Kristjan Ingi Nesse og Daniel Nordeide.

Laget: Kjell Rune Sværen (Ole Tjugum) - Georg Nesse(Roy Kenneth Rendedal), Daniel Nordeide, Lars Kjetil Nordeide, Gustav Nesse - Adrian Wolff Nesse, Johannes Nilsson (Arve Sjøtun), Kristjan Ingi Nesse, Rony Olguin (Birk Isane), -  Asgrim Farnes(Per Inge Belt)., Ole Petter Haugstvedt 



Skrive av: Sveinung Alværn (06.09.11 - 09:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939276 besøk, sidan 18. juli 2005