Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med god start på haustsesongen



Vinnarar av Norway cup 2011
Foto:Ukjent

Jentelaget har fått ein god start på haustsesongen etter at dei har vunne  sine to første kampar.

Etter suksessen i Norway cup er jentene tilbake i fotballkvardagen.  

I den første kampen borte mot Vik, vann Balestrandjentene 3-1 etter ein godt gjennomført kamp. Jentene likte seg svært så godt på det nye kunstgrasdekket  og viste , spesielt i andre omgang, at dei er eit spelande lag med fleire  gode tekniske spelarar. Vik er alltid ein vanskeleg motstandar, spesielt i Vik. Denne gongen var det imidlertid ikkje tvil om at Balestrand var det beste laget.

I den andre kampen heime mot Gaular, dominerte hemelaget kampen fullstendig og vann heile 11-0. Det er alltid vanskeleg å vurdere prestasjonar på ein fotballbane, ettersom det og har noko med nivået på motstandar å gjere. Det er vel likevel ikkje å overdrive å påstå at heimelaget sitt spel , i alle fall i periodar, var på eit relativt høgt nivå med fine kombinasjonar med raskt og nøyaktig  pasnings spel med få tøtsj.

Jentelaget har missa to 16 åringar som har begynt på vidaregåande skule utanfor bygda. I staden har me «henta opp»  to 13 åringar i troppen. Sjølv om både Arnborg og Silje enno har mykje å lære, fekk begge  vist at dei har mykje fotball i seg.  Spesielt hyggeleg for Silje som laga to fine mål i kampen mot Gaular. I tillegg har Vilde vore med på laget heile sesongen, også ho berre 13 år.Dette lovar godt for komande sesongar.

Dei to kampane som er spelt har vist at me har nokre flotte talent i gruppa, men at «veteranane» Brita, Oline og Torunn vil bli vanskeleg å erstatte når dei vert for gamle for jentelagsfotball. Oline t.d. burde ha spelt på eit langt høgare nivå enn jentelagsfotball, sjølv om ho får god matching på gutelaget.

Det kan nemnast at både Oline, Rebekka og Elsa er plukka ut i fotballkrinsen si talentgruppe (Synnøve er som ein av få 14 åringar teken ut i utfordrargruppa). I tillegg til Martine som er tilbake i den grøne Kaupangerdrakta etter at ho var med på å hente heim Norwy cup pokalen i sommar. Det blir spanande å følgje jentene i tida framover.


Vinnarglede - Norway cup
Foto:Ukjent


Gull laget
Foto:Ukjent



Skrive av: Alf Høyrem (04.09.11 - 13:43)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935891 besøk, sidan 18. juli 2005