Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Nervepirrande gutekamp mot Høyang



Arkivbilete
Foto:

Slik skal ein fotballkamp vere! Lokaloppgjer med intensitet, vilje og nerve. Ein kamp som laga vekslar på å føre - og som Balestrand vinn 6-5  til slutt..


 

Før kampen forsøkte vi å få fokus på prestasjoner og arbeidsoppgåver, og ikkje berre ønsket om å vinne. For dette ønsket var nok stort, når det var Høyang som var motstandar for første gang på over     2 år.

Planen var å ta initiativet frå start, og vi håpa på ikkje å komme under med tanke på stress og det å måtte jage utlikning. Etter 4 minutt var det 0-1 og etter 10 minutt var det 0-2.. Så planen lukkast ikkje heilt kan vi seie..

Balestrand kjempa seg gradvis inn i kampen og skapte nokre sjansar, men vi var ikkje skarpe nok i desse situasjonane.  Så  fekk Asgrim utelling. Han tok ned eit fripark fra Bakken på bakerste ut på 16 metern, trakk av ein mann og sette den motsett med venstrefoten, og det stod 1-2. Fin prestasjon! Så utlikna Balestrand på ein corner. Ballen trilla gjennom feltet og på bakerste dukka Viljar opp og sette ballen sikkert i mål ved høgre stolpe. Og ikkje nok med det. På neste corner tok Birk ned ballen skjerma vekk eit par spelarar før han sette ballen i mål med eit volleyskot. Med 3-2 såg alt plutseleg lysaret ut. Balestrand kjørte kampen, og hadde bra kontroll. Så scora Bakken på vakkert vis! Heading inne ved stolpen og keeper var sjanselaus. Einaste problemet var at keeperen var Tommy og målet var vårt eige.. 3-3 heldt seg til pause.

Andre omgang starta heller ikkje heilt bra. Høyang rulla opp eit fint angrep som endte opp med gjennomspel mellom back og midtstoppar og ein sikker scoring frå bakerste stolpe. I første halvdel av omgongen sleit Balestrand. Høyanggutane var agressive og kjempa hardt. Den svært så solide forsvarsfiraren vår frå forrige kamp var også litt utrygg, og Høyang kom til fleire sjansar no enn i første omgong.  Som i første omgong sleit også Balestrand med å setje dei gode sjansane - men så løsna det  - og historien frå 1. omgong gjentok seg. Tre mål etter kvarandre. Først Asgrim med skot frå 16-meteren. Så Asgrim med skot frå 16 meteren via ein Høyangspelar. Så Asgrim frå 11-meteren etter at Torgeir vart trekt ned i feltet. Sjølv om Høyang reduserte heilt i sluttsekunda til 6-5, var det Balestrandgutane som kunne slippe jubelen laus.

Eg har aldri opplevd større jubel på benken for kvar scoring som i dag. Og eg trur heller ikkje eg har sett mange av spelarane så slitne etter kampen som i dag. Sjølv om spelet til tider var så som så - var dette eit "drama" som vi som driv med fotball av og til er så heldige å oppleve. Eg vil også takke Roy Kennet Rendedal som stilte opp og dømte på kort varsel, då oppsett dommar med god grunn måtte melde forfall like før kampstart.

Med på Balestrand var:
Tommy Ese, Kjell A. Bakken, Daniel Dale, Leiv Thomas Faulkner, Knut Lee, Birk Isane, Torgeir Hugdal, Fredrik Hanevik, Viljar Bakke Nesse, Asgrim Farnes, Per Aki Kvikne, Oline Lønning, Stian Stordal og Per Arne Thue.



Skrive av: Arne Abrahamsen (02.09.11 - 00:33)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943952 besøk, sidan 18. juli 2005