Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Toget tøffar vidare - seks nye poeng i boks.




Foto:Jarle Geithus


5. divisjonslaget har full pott så langt i haust. 

Sterk bortesiger 

Sist veke vann me 2-1 på Cuba på Årdalstangen. Sjølv om det resultatmessig såg jamt ut, var det ikkje det. Me spelte ein av våre beste kampar for sesongen og rulla over Årdal sine nest beste i store periodar. Men me fekk dårleg betalt. 

Asgrim Farnes dunka inn begge, og viste på ny at han er viktig for laget. Årdal scora sitt mål rett før slutt og dermed vart kampen, som me dominerte stort, likevel spennande på slutten. Hans Olav Bale har funne ut at 1980 er den einaste sesongen Balestrand har spelt i same divisjon som det nest beste laget frå Årdal. Den gongen tapte Balestrand 0-1 heime og 1-4 borte. Denne sesongen har me difor brote ein barriere, sidan me har banka Årdal 2 to gonger. Heime i vår vann me solide 6-1. 



Årdal 2- Balestrand 1-2 

Mål: Asgrim Franes(2) 

Balestrand: Kjell Rune Sværen, Georg Nesse, Daniel Nordeide, Lars Kjetil Nordeide, Gustav Nesse, Per Inge Belt, Johannes Nilsson, Kristjan Ingi Nesse, Adrian W. Nesse,Ole Petter Haugstvedt, Asgrim Farnes. 







God motstand 

Søndag var me på tokt i Sunnfjord, og det gav tre nye poeng. Men me presterte ikkje nokon stor kamp. Dale 2, som tapte 12-0 mot Bjørn og ikkje greidde å stille lag mot Kaupanger, hadde skrapa saman eit veldig godt lag på heimebane mot oss. Mange eldre karar med spel bak seg høgt opp i divisjonssystemet og nokon løpsvillige unggutar stilte opp denne søndagen. Slik er det å møta andrelag, du veit aldri kva dei stiller med. 

Me kom inn i deira måte å spele fotball på og dermed vart det ein kamp med mykje duellar og lange ballar i bakrom. Kristjan Ingi Nesse ordna 1-0 til oss litt ut i 1. omgang. Det gjorde godt sidan me bomma på straffe etter fem minuttar spel. 




Avgjorde på overtid 

Dale utlikna midtvegs i andre omgang, og dei fleste hadde tru på poengdeling. Men Ole Petter Haugstvedt, som hadde skote tre frispark milevis utanfor mål før i kampen, fekk plutseleg kanontreff. Ballen suste i mål i det 92. minuttet og då vart det full sognejubel i sunnfjordland. Poenga var det som varma i denne kampen, men dei varma veldig godt. 




Dale 2- Balestrand 1-2 

Mål: Kristjan Ingi Nesse, Ole Petter Haugstvedt 

Balestrand: Kjell Rune Sværen, Georg Nesse, Ole Petter Haugstvedt, Lars Kjetil Nordeide, Gustav Nesse, Per Inge Belt(Rony Olguin), Johannes Nilsson, Kristjan Ingi Nesse, Adrian W. Nesse,Eirik Thue(Birk Isane), Asgrim Farnes. 


Skrive av: ET (29.08.11 - 11:15)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943920 besøk, sidan 18. juli 2005