Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget sigra mot Tambarskjelvar



Leiv Thomas med innkast
Foto:

Med berre nye lag i serien no i haust var det med ei viss spenning vi reiste på bortekamp til Naustdal torsdag.

 

Og kampen vart jamn og tett! Frå første spark var det intenst og stor innsats frå begge lag. Men sjølv om det var intenst, var det ein relativt velspelt kamp der begge lag prøvde å spele ball.

Balestrandgutane hadde eit lite overtak og spelte seg fram til ein del brukbare sjansar. Men avslutningane satt ikkje heilt. Tambarskjelvar blei i all hovudsak helde på avstand, og skapte lite i starten. Både midtbane og forsvar fungerte svært godt defensivt, noko som nok gjorde dei gulkledte litt frustrerte. Så fekk vi endeleg hol på byllen. Asgrim fekk ballen på kring 20 meter forserte litt mot høgre og sette ballen hardt ned i motsett hjørne til venstre for keeper. Eit fint mål! Etter det kom Tambarskjelvar til med nokre halvsjansar, mest fordi keeper kom ut medan det var duell mellom vår forsvarar og deira angripar. Heldigvis gjekk ballen i boge over både keeper og mål ved eit par høve, og vi kunne gå til pause med ein fortent 1-0 leiing.

 
Asgrim smiler lurt etter målet

I andre omgang starta Tamarskjelavar friskt og pressa oss bakover. Vi var unøyaktige framover og fekk brudd i mot medan vi var i ubalanse. Ved eitt høve var vi heldige då angriparen deira sette ballen til side for mål aleine med Tommy. Dette overtaket hadde Tambar ca halve omgangen. Då tok Balestrandgutane tak, og produserete fleire fine angrep. Torgeir avslutta 3 gonger like utfor same stolpen, Fredrik sendte ein susar like over og Kjell Andre sin heading på corner vart redda på streken.

 
Fredrik og Birk på veg ut etter solid forsvarsjobb.

 

Men så lenge det berre var 1-0 var det full spenning. Sjølv om vi vart litt slitne heldt vi godt fokus defensivt, og nokre av Tambargutane var openbart frustrerte over ikkje å komme til.

Då dommaren bles av, var det stor glede i den blå leiren. 1-0 er eit relativt sjeldant resultat på gutenivå, men trass i få mål var det ein flott gjennomført kamp! Dette var ein intens kamp der konsentrasjon og vilje var stikkord for å vinne kampen.

 

Med i Balestrandtroppen var

Tommy Ese, Viljar Bakke Nesse, Knut Heggheim Lee, Kjell Andre Bakken, Daniel Dale, Leiv Thomas Faulkner, Fredrik Hanevik, Birk Isane, Torgeir Hugdal, Per Aki Kvikne, Asgrim Farnes og Per Arne Thue.



Skrive av: Arne Abrahamsen (28.08.11 - 19:35)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935286 besøk, sidan 18. juli 2005