Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tre nye poeng i transportetappe




Foto:Jarle Geithus


Den andre kampen etter sommarferien gav ein ny siger og gjer at BIL står med 6 av 6 poeng i haustsesongen og har fått ein god start på ein spennande sesonginnspurt.  Me stilte noko redusert til denne kampen då kapteinen vår Kristjan Ingi Nesse framleis låg på ei solseng i Spania, medan andre sentrale spelarar som Ole Petter Haugstvedt og spelande trenar Johannes Nilsson hadde andre forpliktelsar denne måndagskvelden. Heldigvis var spelarane frå Sygna attende slik at me hadde eit slagkraftig lag og ein god benk å ta av.

           

Corner er mål

Dei fyrste 15.minutta spelte me bra fotball og fekk til nokre gode kombinasjonar. Det var ikkje ufortent då Gustav stanga inn 1 – 0 10 minutt ut i omgangen etter ein perfekt corner frå venstre. Minuttet etterpå kom 2 – 0 etter eit svakt utspel frå bortelaget som Birk snappa opp og sentra til Eirik som spelte Asgrim fint igjennom. Asgrim svikta ikkje og plasserte ballen trygt i målet. Resten av omgangen stod ikkje i stil med starten av kampen og var prega av lite bevegelse og manglande presisjon på pasningane. Trøysten får vere at av Kaupanger var heilt ufarlege og skapte ingenting.

Corner er mål II

2 – 0 stod seg til pause og det som måtte vere av nervar forsvann få minutt ut i omgangen då veteranen Eirik laga 3 – 0. Målet kom etter nok ein corner, denne gongen frå høgre, som Eirik hedda knallhardt i nettet. Resten av kampen var nok ein gong prega av dårleg spel frå heimelaget. Heldigvis vart ikkje spelet til bortelaget noko å betre enn før pause og sigeren var i røynda aldri truga, sjølv om dei reduserte til 3 – 1 på omtrent sin einaste sjanse i kampen.

Alt i alt var det ein velfortent siger i ein heller svak kamp. Det at kampen sitt høgdepunkt var feiringa til 3 – 0, då Eirik sprang bort og feira med mini «fan-klubben» sin, inkludert ein kry son, er vel med på å bygge opp under det.

I ein kamp der mange av spelarane ikkje var heilt på topp vel trenarteamet å trekke fram spelet til Gustav og Adrian. Særleg Gustav var veldig frisk og fekk vist at toppforma nærmar seg.

Kampfakta:

Balestrand – Kaupanger 2 3-1(2-0)

5. divisjon, Kreklingen stadion

Mål: Gustav Nesse, Asgrim Farnes og Eirik Thue

Laget: Kjell Rune Sværen - Georg Nesse, Daniel Nordeide, Lars Kjetil Nordeide, Gustav Nesse - Adrian Wolff Nesse, Arve Sjøtun (Håkon Haugen), Birk Isane (Johannes Nilsson), Per Inge Belt (Roy Kenneth Rendedal) - Asgrim Farnes, Eirik Thue (Nikolai Andersen).



Skrive av: SA (21.08.11 - 22:11)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943861 besøk, sidan 18. juli 2005