Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tok tre nye poeng mot naboen


God start etter ferien.


Søndag vart haustsesongen sparka i gang. Litt vel tidleg for mange. Kapteinen vår Kristjan Ingi Nesse låg på ei solseng i Spania, medan elevar frå Sygna framleis lever Herrens frie dagar. Men vi har heldigvis ein brei stall med mykje kvalitet.


Svensk magi

Vadheim/Høyang 2 var motstandar på den svært gode grasbana i Høyanger. Vi la ut i ein 4-5-1- formasjon og viste periodevis godt spel, men vi fekk ikkje lagt det trykket på heimelaget som vi ønskte. Likevel gjekk vi opp i leiinga midt i omgangen. Etter mange fine kombinasjonar fekk Johannes Nilsson ballen på 22 meter. Han såg at keeper stod på fem meter og lobba ballen elegant inn i kassen. Det var litt Zlatan Ibrahimović- takter over det. Men heimelaget, som var stokka saman av ungt pågangsmot og rutine, mista ikkje motet. Dei utlikna på corner. Dei kom like etter scoringa til ein dobbelsjanse, men Kjell Rune Sværen gjorde seg SVÆR, og då går ingen ballar inn. Flott prestasjon av vår sisteskanse.

Scora på heimebana

Før dommaren gav pausesignalet tok den blå hæren leiinga på ny. Asgrim Farnes fekk servert ein presis ball ut på høgresida. Han fossa forbi forsvarsspelaren og klinka ballen inn framfor kassen. Rony Olguin kom på eit djupt løp og set ballen enkelt i mål. Høyanger-talentet har spelt mange kampar på Sletta, og veit kvar målet står.


Kapteinen tok tak

I pausen endra vi formasjon til 4-4-2 for å gjera det vanskelegare for heimelaget si forsvarsrekkje. Dette gav resultat med ein gong. Løpsmaskina Birk Isane serverte Ole Petter Haugstvedt ein fin stikkar. Kapteinen for dagen brukte musklar slik at forsvarsspelarane prella av og åleine med keeper sette han ballen sikkert i nota. Same mann sette spikaren i kista seinare i omgangen. Eit presist innlegg frå Georg Nesse vart sett i mål med pannebrasken. I tillegg skapte vi ei heil rad med sjansar utover i kampen, men ein god keeper og litt udyktigheit gjorde at det ikkje vart fleire mål.

Trenarteamet er nøgde med gjennomføringa av kampen. Treningane i sommar har gjort godt. Tidvis spelte vi svært god fotball der ballen gjekk fort og presist. Vi er også glade for at forsvaret fungerte så bra. Daniel Nordeide tok plass i midtforsvaret i lag med broren og saman med backane fiksa dei biffen på ein overtydande måte. Neste kamp er heime mot Kaupanger 2.


Kampfakta:

Vadheim/Høyang 2 – Balestrand 1-4(1-2)

5. divisjon, Sletta stadion

Mål: Johannes Nilsson, Rony Olugin, Ole Petter Haugstvedt(2)

Laget: Kjell Rune Sværen - Adrian Wolff Nesse, Daniel Nordeide, Lars Kjetil Nordeide, Georg Nesse - Rony Olguin(Arve Sjøtun ), Birk Isane, Johannes Nilsson(Eirik Thue), Gustav Nesse(Roy Kenneth Rendedal), Asgrim Farnes - Ole Petter Haugstvedt.



Skrive av: E.T (10.08.11 - 10:33)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943854 besøk, sidan 18. juli 2005