Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med god vårsesong



Før kampen mot Vik II. Elsa og Heidrun var ikkje til stades
Foto:Eirik Thue

Jentelaget har verkeleg fått sving på sakene og avlsutta vårsesongen med å slå Sogndal/Syril heile 6-1 heime på Kreklingen.
 

For å klare å stille lag i jenteklassa (15-16 år) har ein også denne sesongen stor aldersskilnad på spelarane, frå 13 år til 17 år (disp). Ein har likevel ikkje fleire enn 12-13 disponible utespelarar og to keepere i troppen. Dette gjer laget svært sårbart ved sjukdom eller skader. Grunna skader og sjukdom klarte ein ikkje å stille lag til den første kampen mot Vik i vår. Dette premierte fotballkrinsen med ei bot på kr. 2.000 og tap 0-3 i protokollen. Fint å ha ein fotballkrins som veit å setje pris på at ein liten klubb som Balestrand prøver å halde liv i jentefotballen. Resultat i vårsesongen:

Balestrand - Bjørn                        1-3

Sogndal/Syril - Balestrand             3-2

Vik II - Balestrand                       0-0

Balestrand - Jotun                       6-0

Balestrand - Vik 1                        4-3

Bjørn - Balestrand                        4-1

Balestrand - Vik II                       1-1

Jotun - Balestrand                       1-8

Balestrand - Sogndal/Syril             6-1

Bjørn har vist seg som det sterkaste jentelaget denne våren. Balestrand har imidlertid vore heilt på høgde med Gaupingane i dei to kampane dei har spelt mot laget. Det er underteikna si oppfatning at Balestrand, saman med Sogndal, har vore det mest spelande laget, men at dei får problem når dei møter fysisk sterke lag. Mot lag som ikkje er så fysisk sterke, har laget frå perla ved Sognefjorden til tider spelt ut motstandarane med godt pasningspel.

Tre av spelarane har spelt kampar for gutelaget denne vårsesongen. Oline var uheldig og skada seg i innleiinga til sesongen og var ikkje i heilt topp slag dei første kampane. Etter kvart har me fått ei Oline i godt gamalt slag som "auser" inn mål. Elsa har og spelt fleire kampar for gutelaget til trass for at ho berre er 14 år. I tillegg har Brita spelt ein kamp for gutelaget. Eg kjenner ikkje til ande klubbar der så mange jente har spelt kampar for gutelag, og vitner om god kvalitet på jentespelarane våre. I same slengen kan eg og nemne ei Rebekka som verkeleg har imponert med godt og klokt spel og ei Synnøve som og viser gode takter.

I tillegg til desse spelarane har me fleire jente som viser fin framgang og som, ikkje minst, har gode og positive haldningar. I tillegg er dette sosialt intelligente jente. Til saman vert dette ei lita, men god treningsgruppe sjølv om me nok av og til kunne ønskja at me hadde vore fleire spelarar for å få til enno betre speleøkte.

Laget skal delta i Norway cup i sommar. Laget er meldt på i 7 - ar fotball ettersom me var usikre på om me klarte å stille  eit 11 - ar lag på det tidspunktet påmeldingsfristen gjekk ut. Truleg vil 13-14 jenter bli med til Oslo og Ekebergsletta i månadsskiftet juli/august. Me har fått låne tilbake Martine frå Kaupanger til turneringa. Me vil då ha med mange av dei same spelarane som vann jenteklassa under Hessa cup i Ålesund i fjor. No har spelarane blitt eitt år eldre.

Sjølv om 7 - ar fotball ikkje har same status som 11 - ar fotball, er det påmeldt over 70 lag i denne klassa (jenter 15-16 år). Det blir difor vanskeleg å hevde seg, spesielt med så mange unge spelarar i troppen (sju 14 åringar og ein 13 åring). Me har imidlertid fleire gode tekniske spelarar som er gode på småe flater og som beherskar 7 - ar fotball veldig godt. Det er difor ikkje tvil om at me reiser til Oslo og Norway cup med eit meget  godt jentelag som me håper skal kunne hevde seg på nasjonalt nivå. Vel å merke dersom dei held treninga ved  like i sommar.


Vinnarar av Hessa cup 2010
Foto:Åge Skrede


Vinnarar av KM innandørs 2011
Foto:Ukjent



Skrive av: Alf Høyrem (23.06.11 - 13:53)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935274 besøk, sidan 18. juli 2005