Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Scora frå midtbana




Foto:Jarle Geithus

Ole Petter og ein engelsk pikkolo har gjort det. 


 Gjort kva?

Scora frå avspark. Dei mange som var på plass på Kreklingen søndag fekk ei sjeldan oppleving. Jølster 2 hadde nettopp putta, og Balestrand tok avspark. Ballen vart sparka bort til Ole Petter, som stod med beina på midtbanestreken, og han stramma alle musklar i skotfoten. Ballen fauk rett fram som ein prosjektil. Keeperen hadde blikket festa på ballen i mange sekund, men måtte likevel gje tapt og ballen suste inn i nettmaskene. Ein fantastisk prestasjon av vår bergensproff. 

Dette har sjølvsagt skjedd før, men det tek nokon år mellom kvar gong det skjer på Kreklingen. Tidleg på 90-talet gjorde Richard Johnson det same. Vår engelske venn, som var pikkolo på Kviknes mellom fotballøktene, var ein måltjuv av rang og scora frå alle vinklar, og sjølvsagt også frå midtbana. 

Ny formasjon 

Men det skjedde meir på Kreklingen denne heller varme junidagen. Balestrand hadde eit soleklart favorittstempel då Jølster 2 kom på besøk. Topp mot botn. Jølster hadde berre henta eitt poeng før kampen, 4-4 mot Bjørn, medan vi stod utan tap. Trenarane hadde pønska ut ein ny strategi framfor kampen. 4-4-2 og 4-5-1 har fungert strålande denne sesongen, men for å ha fleire strengar å spele på i løpet av hausten vart formasjonen 3-5-2 prøvd ut. 

Også denne formasjonen fungerte i periodar bra. Spesielt i 1. omgang. Heimelaget kunne gå til pause med 4-0 i bagasjen, etter å ha rundspelt Jølster sine neste beste. 


Full kontroll 

Den varme sommarvarmen og den solide leiinga gjorde at det var vanskeleg å halda oppe trøkket etter pause. Men også denne omgangen vart målrik. Kampen enda 7-2, og med full pinne i 90 minuttar kunne heimelaget fort ha fått tosifra. Måla i kampen vart scora av Ole Petter Haugstvedt(3), Kristjan Ingi Nesse(2), Per Inge Belt og Lars-Kjetil Nordeide(str). Laget var slik: Kjell Rune – Georg, Ole Petter, Lars-Kjetil – Rony, Eirik, Birk, Kristjan Ingi, Adrian, Per Inge, Asgrim. Desse kom inn: Gustav, Arve, Teddy og Daniel. 

Kjem og går 

Daniel Nordeide debuterte i blå drakt etter fleire års spel for Høyang. Han kom frå oppgåva på ein framifrå måte, og vil bli ei viktig spelar for oss resten av sesongen. Også Kjell Rune gjorde comeback for Balestrand i søndag. Keeperen har vore innom fleire klubbar, men er no tilbake der han høyrer heime. Han kom frå debuten på ein solid måte. Medan nokon kjem så reiser andre. Teddy spelte sin siste kamp på Kreklingen på ei stund. Han skal til hausten studera i Stavanger og dermed ryk haustsesongen. Teddy blir eit sakn i gruppa med si gode haldning og smittande humør. 


Ferie 

Kampen mot Jølster 2 var den siste i vår. Status etter ni kampar er at vi har vunne sju, har to uavgjort og null tap. Det er vi sjølvsagt nøgde med etter at oppkøyringa til sesongen meir eller mindre snøa vekk. Vi tek pause med 23 poeng og tabelltopp. Dei største utfordrarane våre - Bjørn, Stryn 2 og Dale 2 – har igjen eit par kampar før dei tek ferie, så kor mange poeng vi leiar med er førebels uvisst. Men mykje tyder på at det berre blir tre poeng ned til eitt av desse laga før haustsesongen, så det er ingen grunn til å snakke for høgt om verken det eine eller andre.
God sommar.

 

Kampfakta:

19. juni 2011: Balestrand - Jøster 2: Resultat: 7-2 (4-0) 

Lagoppstilling: (3-5-2)

Kjell Rune Sværen

Georg Nesse – Ole Petter Haugstvedt – Lars Kjetil Nordeide

Adrian Nesse – Birk Isane, Kristjan Ingi Nesse – Eirik Thue – Rony Olguin

Per Inge Belt – Asgrim Farnes


Innbyttarar: Daniel Nordeide, Arve Sjøtun, Gustav Nesse, Theodor Kvikne

1-0: Kristjan Ingi Nesse
2-0: Lars Kjetil Nordeide (straffe)
3-0: Per Inge Belt
4-0: Kristjan Ingi Nesse
4-1: Jøster 2
5-1: Ole Petter Haugstvedt
5-2: Jølster 2
6-2: Ole Petter Haugstvedt
7-2: Ole Petter Haugstvedt 



Foto:



Skrive av: ET (21.06.11 - 11:11)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939289 besøk, sidan 18. juli 2005