Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Festar grepet




Foto:Jarle Geithus

Henta heim poeng i fagre Stryn. 

A-laget gjorde ein solid innsats 2. pinsedag då vi henta heim eitt poeng mot Stryn 2. Heimelaget hadde før kampen imponerande 34-5 i målskilnad og ni poeng på tre heimekampar. Vi gjekk difor ut i ein 4-5-1-formasjon, med dei same elleve jegerane som felte Bjørn på fredag. 

Ole - Jon Olav, Lars Kjetil, Ole Petter, Georg - Rony, Birk, Arve, Kristjan Ingi, Asgrim - Per Inge. 


Benken: Teddy, Adrian, Kjell Rune, Øyvind.


Tok leiinga 

Stryn 2 stilte, ikkje uventa, med eit solid lag på heimebane, med fleire spelarar som har spelt langt opp i divisjonsystemet. Men respekta låg att i garderoben. Tre små minutt skulle det gå før Per Inge Belt fann vegen til nettmaskene. Dermed var trua på full poengpott stor. Men stryningane stod på og fekk ei utlikning før pause. 




Ny scoring 

I det 66. minutt var tida inne for meir blå jubel. Kristjan Ingi Nesse gav oss leiinga på nytt. Men Stryn utnytta slurv frå vår side og scora enkelt. Dermed enda kampen 2-2. 

Sjølv om eitt poeng på bortebane mot topplaget er bra, var det ein litt skuffa gjeng som gjekk av bana. Etter spel og sjansar kunne det fort blitt ein ny trepoengar. 




God pinse 

Med tre poeng mot Bjørn og eitt poeng mot Stryn 2 på to bortekampar, kan ein oppsummera pinsen som god for A-laget. Poengfangsten gjer at vi no leiar tabellen med 20 poeng. Neste utfordring er Jølster2 heime på eige kunstgras kommande søndag. Sist vi møtte dei tapte vi 5-3. Så vi har ein del å revansjere....


Foto:



Foto:



Skrive av: et (14.06.11 - 11:32)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943880 besøk, sidan 18. juli 2005