Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


BIL som festbrems i Gaupne!




Foto:Jarle Geithus


Det har truleg sjeldan vore brukt så mykje energi på å få flytta ein kamp som toppkampen mot Bjørn. BIL hadde store problem med å stabla eit lag på bana til denne viktige kampen og jobba intenst for å få den flytta. Ein trudde ein hadde lykkast seint onsdag kveld, men Bjørn endra meining og ville ta tre poeng og 3 – 0 på walk over om me ikkje klarte å stable eit lag på bana.

Dette kunne me sjølvsagt ikkje godta og klarte etter mykje arbeid å få på føtene eit slagkraftig lag, sjølv om det heldt hardt. I startelvaren var det to gutespelarar som hadde spelt ein hard kamp mot gutelaget til Bjørn kvelden før, og ein debutant. Benken bestod av karar som alle har passert 30 med god margin (Kjell Rune, Øyvind og Arnstein) og i nødstilfelle, om ein av spelarane skulle knekke to føter og ikkje klare å stå, var assistenttrenar Sveinung klar til å komme inn på bana for å stå spiss.

Med alt regnet som har vore i den siste tida håpa me at Bjørn ville spele på kunstgras, men den fordelen ville dei ikkje gje oss. Derfor venta det ei svært regntung grasbane med fleire store dammar. Stemninga har ikkje heilt på topp kan ein trygt seie, betre vart det ikkje av at Kristjan Ingi og Ole Petter lot vente på seg. Kampstart vart utsatt med minst 20 minutt, akkurat nok tid til at dei to fekk på seg draktene og springe utpå bana til avspark.

Spenninga var stor når avspark endeleg vart tatt, men det skulle vise seg å vere heilt ugrunna. Kristjan fekk ein stor sjanse etter eitt minutt. Dessverre vart det ikkje mål utav det.  Berre eit par minutt seinare fekk BIL til eit flott angrep der ballen gjekk på ein touch frå mann til mann som enda med at Asgrim skåra frå skrå vinkel. Det var for øvrig det tredje målet til vår unge målskårar på 24 timar mot Bjørn.

Etter dette tok det raudkledde heimelaget over spelet i ein timinuttsperiode der dei skapte eit par farlegheitar. Heldigvis fekk me justert oss litt slik at avstandane mellom lagdelane vart mindre og me låg kompakte og venta på overgangar. Dei kom i hopetal og dei blå-kledde produserte mange store sjansar. Utteljinga var og bra slik at det stod smått utrulege 4 – 0 til pause.

Kontrasten til følelsen før kampen var stor og sjeldan har stemninga vore betre i BIL-garderoben til pause. Oppturen var gedigen og ein kunne meir eller mindre ta og føle på energien inne i garderoben. Arve oppsummerte det heile på ein grei måte når nokon lurte på om han hadde mykje krefter igjen. “80 %”, sa han og sveva ut til 2.omgang i lag med resten av gjengen.

2.omgang baud på endå fleire mål og høg temperatur, i alle fall hjå heimelaget. Litt spenning vart det når Bjørn reduserte til 4 – 1 eit stykkje ut i omgangen, men etter at Per Inge vart felt og Lars Kjetil nok ein gong omsette straffa sikkert til mål var vel det meste i praksis avgjort, sjølv om Bjørn reduserte nok eingong litt etterpå.

Kristjan Ingi satte punktum for det heile med to skåringar slik at stillinga vart heile 7 – 2 til BIL. Det siste målet kom etter eit herleg raid frå Rony på høgrekanten. Det kom for øvrig etter at han hadde fått tilbod om å få kvile seg på benken dei siste minutta. OK, sa han, men eg må nett ordne eitt mål fyrst!

Dette var ein fantastisk kamp av BIL. Laget gjorde alt perfekt slik som me var einige om før kampen, og ein fekk til mykje av det finspelet som me ønskjer å spele. Innsatsen var betre enn heilt på topp hjå samtlege spelarar og det er vanskeleg å nemne noko spesielt. Vel likevel å nemne Jon Olav som spelar heilt fantastisk som venstreback i sin fyrste kamp for laget og Birk som spring meir enn halve Bjørn-laget til saman, og det med ein gutekamp i føtene frå kvelden før. I tillegg viser Kristjan Ingi og Ole Petter kor viktige dei er for laget med sin erfaring, duellstyrke, teknikk og ro. Det er heilt fantastisk at dei ofrar så mykje for å spele på dette laget. Det er ikkje reint få turistar dei har forbanna på turane sine frå Bergen!

Det meste gjekk mot Bjørn denne fredagskvelden. Dei hadde lagt opp til vorspiel til festen i Parken med toppkamp mot Balestrand sine unge håpefulle fredag kveld. Konserten med Sie Gubbar vart avlyst rett før kampen og etter tre minutt var vorspielet til festen, som det ikkje vart noko av, i ferd med å bli avlyst.

Som om ikkje det var nok vart to spelarar strekkskada og to utvist på slutten av kampen. Den siste utvisninga kom for øvrig etter eit overfall av ei takling på Georg. Heldigvis ser det ut til å gå bra med Georg sjølv om han måtte sitte med is på foten resten av kvelden.

Bjørn trudde sikkert at dei skulle dra fordel av at kampen gjekk på gras i staden for kunstgras. Der tok dei feil. Den våte bana var som skapt for våre lette og løpssterke spelarar og i tillegg fekk me fart på ballen noko som passa våre tekniske spelarar bra. Det einaste Bjørn oppnådde med denne kampen var i grunn at bana var øydelagt for ei stund framover.

Når kampen var slutt prøvde Kristjan Ingi å gi eit par trøstande ord til ein Bjørnspelar om at dei hadde no festen i Parken å sjå fram til. Då kom det tørt frå Bjørnspelaraen; den er avlyst. Det skulle nok Bjørn ha ønskt av kampen vart og.

PS! Desse mangla: Gustav, Adrian, Sigve, Kim Andre, Teddy, Daniel A, Håkon, Johannes, Eirik, Nikolai, Roy Kenneth, Daniel B, Kristoffer (skada) og i tillegg har me Daniel Nordeide på gang frå Høyang.

 

Kampfakta:

IL Bjørn – Balestrand IL

2 – 7 (0 – 4)

0 – 1 Asgrim Tangen Farnes

0 – 2 Kristjan Ingi Nesse

0 – 3 Lars Kjetil Nordeide (str)

0 – 4 Per Inge Belt

1 – 4 ???

1 – 5 Lars Kjetil Nordeide (str)

2 – 5 ???

2 – 6 Kristjan Ingi Nesse

2 – 7 Kristjan Ingi Nesse

Ole Tjugum, Georg Nesse, Lars Kjetil Nordeide, Ole Petter Haugstvedt, Jon Olav Aase, Asgrim Tangen Farnes, Arve Sjøtun, Birk Isane, Kristjan Ingi Nesse, Rony Olguin og Per Inge Belt.

Innbytarar: Arnstein Menes og Øyvind Neset

Ubenytta res: Kjell Rune Sværen og Sveinung Alværn



Foto:



Skrive av: S.A (13.06.11 - 07:14)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935880 besøk, sidan 18. juli 2005