Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gutelaget viste veg mot Bjørn



arkivfoto
Foto:

Desse gutane har aldri før reist heim med poeng frå bortekamp mot Bjørn. Bjørn hadde så langt også vunne alle sine kampar, så det var ingen lett oppgåve som venta.

 

At Bjørn var eit godt og jamnt lag med spesielt god defensiv organisering og ein god keeper hadde vi pønska ut ved å lese tabellen. Full pott med 15 poeng og 27-2 i målforskjell etter 5 kampar! Det stemte.

Dei spelte fin fotball, hadde eit stangskot og hadde ballen meir i laget enn vi i starten. Det var likevel vi som scora først på eit flott angrep der vi ruller opp frå Birk i midtbana til Asgrim på høgresida, som forserer nedover og legg flatt inn til Per Aki inne i boksen. Han legg ballen ut i feltet til Birk som kjem i fullt firsprang og breisider ballen kontant i mål. Elles har vi ein del bra spel og ballen litt i laget, men er ikkje nøyaktige nok korkje til å halde ballen så lenge i laget at vi til slutt skaper klare opningar eller i siste tredel av bana når vi kjører eit meir direkte overgangsspel.

Bjørn presser oss litt i omgangen, men skapar likevel få farlege sjansar. Det som kjem har Tommy veldig god  kontroll på og han skaper ein fin tryggleik.  Så har vi Kristian med i dag - og for ein kamp han leverer som midtstoppar! Kloke plasseringar og trygg i alle klareringar om det er på hovudet eller med beina. Mot slutten av omgongen er vi rett og slett litt uheldige - eit litt laust skot sprett i mål via armane til Tommy frå det våte underlaget - og det står 1-1.

I andre omgang kunne vi tru at Bjørn ville ta over etter den seine scoringa.  Men gløden og viljen til å vinne lyste av spelarane frå Balestrand i pausen, og i staden er det vi som er farlige. Vi får enda betre grep i forsvaret og midtbana bryt, og speler opp spissane gang på gang. Det er jo moro med ei midtbane med Brita sentralt saman med Birk og Oline på høgre og Per Arne på venstre som har god kontroll og får til mykje fint spel mot ein motstandar som held høgt nivå!

Så har vi Asgrim då - som kan avgjøre kampane. I dag fekk vi to flotte mål. Eit gjennomspel frå Birk som vart teke i mot på ein touch og sett i mål via venstre stolpe. Så 3-1 på eit susande langskot som duppa over keeper og i venstre hjørne. At Bjørn får eit mål på sin andre reelle sjanse i 2 omgang når det  er 1 minutt igjen gjer lite, når kampen ebbar ut med 3-2 siger til Balestrandgutane.

Med dette har gutane vist veg for Balestrnd IL sitt herrelag i 5.divisjon som har sin viktige kamp mot nettopp Bjørn i Gaupne i morgon kveld. Lukke til!



Skrive av: Arne Abrahamsen (10.06.11 - 01:47)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943958 besøk, sidan 18. juli 2005