Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


A-laget har teke leiinga i 5. divisjon.




Foto:Jarle Geithus

Etter ni poeng på dei tre første kampane, har vi sanka sju poeng på dei neste tre.

Uavgjort 

Askvoll/Holmedal var utfordringa på ein av dei mest regntunge dagane i mai. På ei fantastisk kunstgrasbane ute ved kysten låg alt til rette for finspel. Men diverre fekk vi det ikkje til å stemme. Heimelaget leia 1-0 til pause, etter at vi presterte årsverste. Vi skjerpa oss i andre omgang og etter to kjappe mål styrte vi det meste. Men vi greidde ikkje å setje spikaren i kista på dei mange sjansane vi produserte, og fekk oss ein solid nedtur. Ein halvrund midtstoppar i grøn drakt fekk draumetreff frå 35 meter og kula suste inn i vinkelen. Dette skjedde to minutt før slutt og dermed måtte ein skuffa gjeng reise heim med eitt poeng.

Måla for Balestrand vart scora av: Johannes Nilsson og Nicolay Andersen. 

Startoppstilling: Sigve, Teddy, Ole Petter, Lars Kjetil, Håkon, Johannes, Kristjan Ingi, Adrian, Birk, Eirik og Nicolay. Innbyttarar: Georg, Arnstein og Daniel.


Opptur 

Fredag var det tid for revansj. Årdal 2 på heimebane er vanlegvis ei vrien nøtt. Men denne kvelden var tida inne for festfotball. På tren
ing har vi sett fokus på spel langs bakken og stor bevegelse. Dette fekk vi til og dermed rann måla inn. Til slutt stod det 6-1.Heile laget gjorde ein solid innsats, men vi trekkjer likevel fram tre unggutar. Asgrim Farnes var sylskarp framfor mål og dunka inn tre. Spelet til Georg Nesse var det også klasse over. Han er omskulert til back og spelte som om han aldri har gjort noko anna. Også Birk Isane viste at det gror godt. Han kom inn på midtbana ut i andre omgang og gjorde emykje bra. Han kruna det heile med ei scoring.

Måla i kampen vart scora av: Asgrim Farnes(3), Birk Isane, Eirik Thue og Ole Petter Haugstvedt.

Startoppstilling: Sigve, Georg, Ole Petter, Lars Kjetil, Håkon, Rony, Adrian, Johannes, Kristjan Ingi, Asgrim og Nicolay. Innbyttarar: Eirik, Birk, Per Inge og Arnstein


Slitekamp 

Måndag kveld var det klar for ny dyst på Kreklingen. Gaular er det mange år sidan vi slo sist. Som venta vart det ein slitekamp mot eit lag som ikkje gir ved dørene. Vi vann 2-1 sjølv om spelet ikkje var like bra som mot årdølene. Glimtvis fekk vi bra fart på ballen. 1-0-scoringa var av godt merke med presist spel langs bakken og mange som flyttar beina på rett måte. Fleire legg ned ein stor innsats. Vi vel å trekke fram to spelarar i denne kampen. Lars Kjetil Nordeide ryddar godt opp bak, medan Adrian Wolff Nesse viste at formen er tilbake på godt gamalt nivå. Sistnemde vart matchvinnar etter å ha servert ein corner i barca-klassen. 

Måla i kampen vart scora av: Nicolay Andersen og Adrian Wolff Nesse. 

Startoppstilling
: Sigve, Georg, Teddy, Lars Kjetil, Håkon, Rony, Adrian, Kristjan Ingi, Johannes, Nicolay og Asgrim. Innbyttarar: Eirik, Per Inge og Birk.

Vi takkar publikum for god støtte, og håpar det blir fullt på VIP-tribunen også i neste heimekamp, torsdag 16. juni mot Jølster 2.

Oppdatert tabell og terminliste finn du ved å klikke her 

 



Skrive av: E. Thue (07.06.11 - 09:37)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943936 besøk, sidan 18. juli 2005