Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Snuopperasjon av gutelaget



Arkivfoto
Foto:

Gutelaget låg under med 0-1 for Jotun etter ein jamn, og ikkje for spesielt velspelt 1. omgong. Men 2. omgongen derimot - vart glitrande.

 

Gjennom heile første omgong sleit Balestrand gutane med å få flyt i spelet. Det var ofte litt dårleg adresse på pasningane og ikkje minst mange for dårlege mottak. Dette resulterte i mange brudd, ofte i farlege område. Vi hadde også litt startproblem med riktig posisjonering på keeperen sine lange utspark - som vart gode bakromspasningar. Det var då også slik Jotun scora målet i første omgong. Eit langt utspark spratt forbi førsteforsvarer, og Jotun sin gode nr 10 kunne enkelt springe seg fri og aleine setje ballen til side for Tommy. Balestrand kom etterkvart meir inn i kampen, men den siste touchen satt ikkje heilt, og dei heilt store målsjansane uteblei.

I andre omgong fekk vi justert litt på kantspelarane i defensiv organisering, og då dei blå i tillegg kom ut med ein ekte glød i spelet kom også sjansane. Det starta med Asgrim som møtte ein høg ball og sette den kontant i mål på direkten. Det heldt fram med Asgrim som forserte på tvers i feltet og sette inn 2-1 lågt tilbake i venstre hjørne. Så var det duka for Bakken. På ein godt slått corner steig Kjell Andre fint til veirs på første stolpe og stanga ballen kontrollert i mål. Når det heile ser komfortabelt ut driv Jotun sin nr 10 mot mål med heile forsvaret vårt rundt seg. Ingen får pirka vekk ballen, og frå skrått hald set han ballen i mål heilt nede  ved stolperota.

Nervøsitet er berre på benken. For ute på bana held Balestrand fram. Asgrim klinkar inn 2 til, og Balestrand vinn fortendt med 5-2. Det som er kjekt er at vi skaper mange sjansar i tillegg. Per har fleire gode forsøk, ikkje minst ein i tverliggaren og ned i bakken frå kort hald. Oline er nær ved å score og Fredrik har to gode skot som stryk like utom krysset. På midtbana tek Birk virkeleg tak og vinn mest alt. Dette skaper mange fine overgangar, og både Oline og Knut på kvar sin kant veks stort denne omgongen. Ser vi bort frå målet og ein sjanse til, har midtbane og forsvar full defensiv kontroll og slepp rett og slett ikkje Jotun til.

Dette var rett og slett ein fin opptur for laget - ikkje minst etter ein svak kamp og 2-5 tap mot Sogndal 2 sist veke.

 

Med i troppen var

Tommy Sværen Ese (keeper)
Viljar Bakke Nesse
Kjell Andre Bakken
Daniel Dale
Elsa Nesse
Knut Lee
Fredrik Hanevik
Birk Isane
Oline Lønning
Asgrim Farnes
Per A. Kvikne
Per Arne Thue
Ole Johann Nordeide
Ulrik Kvikne

 

 

  

  



Skrive av: Arne Abrahamsen (02.06.11 - 20:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935311 besøk, sidan 18. juli 2005