Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Nok ein seier til småjentene




Foto:Lotte Jørgensen

Så vart det nok ein sier til småjentelaget som møtte Aurland på heimebane.
I øsande regn og med ein del spelara som hadde meldt fråfall vart kampen satt i gang med ein noe usikker trenar, som stod utan innbyttare, då Martine vart skada før kampstart.( uff da)I spiss hadde Eirik Thue plassert, Vilde, Silje og Karoline til å begynne med, Andrea, Lise-May og Dagny på midt og forsvar og Evita på mål. Laget startet med gode pasningar frå midt til spiss og Balestrand hadde mange sjansar i starten av kampen, men Aurland sit forsvar var pakket godt, keeperen var flink med redningar i høgda og det var utfordrande for spissarane og få ballen plassert i mål.  Vilde og Silje lykkast tilslut og 2 mål til Balestrand i fyrste omgang. Aurland presset godt og det blei 2: 1 til pause. I pausen fikk laget gode råd frå Eirik og masse ros for god flyt i spillet, fine og presise pasningar til kvarandre – fortsett med det og prøv å plasserer ballen langs bakken ved målforsøg var rådene frå trener. Og heldigvis hadde lille jentelaget trening og laget fikk låne Jenny Lønning som då vart med i andre omgang, slik at einskilde spelar kunne få seg ein lite pause inn i mellom. Aurland presset godt i starten av andre omgang og hadde gode målsjansar, men med ein stødig og flink keeper, som Evita – ja så vart det ikkje lett å score mål mot Balestrand.Balestrand mange gode framrykk og synte eit fabelaktiv samspil frå midtbanen og framover. Lise – May, Dagny og Andrea klare å korrigerer kvarandre i forsvaret og midtbane, slik at det var vanskeleg for Aurland og komme igjennom. Vilde og Silje og Jenny var flinke til å spille kvarandre fri, slik at Silje klarte å plasserer ballen i målet – langs bakken – 3 gange i andre omgang og slutresultat, 5: 1 til Balestrand.  Og med eit godt resultat og Birna sin fantastiske gulerotskake -  vart det ein fin avslutning på ein våt dag på kreklinga. Gratulerer med kampen jenter.

Skrive av: Lotte Jørgensen (27.05.11 - 10:03)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943903 besøk, sidan 18. juli 2005