Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ni poeng på tre kampar




Foto:

A-laget har fått ein poengrik start på sesongen. 



Seniorfotballen skriv historie i år. For første gong stiller vi med to lag i seniorserien.
Dette for å gje fleire spelarar eit betre tilbod. 5. divisjonslaget har hamna i ei avdeling med ei rekkje av 2. lag. Dermed er det vanskeleg å spå korleis dette endar til slutt, sidan andrelaga står fram som gode på heimebane og heller svake på bortebane. Men vi har fått ein optimal start på sesongen. Vi starta med å vinna 3-2 heime mot Vadheim/Høyang 2, etter at bortelaget tok leiinga etter 14 sekund... Vi spelte ingen god kamp på ei tørr kunstgrasbane, men greidde til slutt å vinna. Måla i den kampen vart scora av Per Inge Belt, Lars Kjetil Nordeide(str.) og Ole Petter Haugstvedt. (Startoppstilling: Sigve, Teddy, Gustav, Lars Kjetil, Adrian, Johannes, Kristoffer, Birk, Rony, Ole Petter og Per Inge. Innbyttarar: Eirik, Arve, Håkon, Asgrim)

Framgang 

Årets første bortekamp var mot Kaupanger 2. Det var spelemessig ein stor framgang frå heimekampen. Vi vann 5-1 etter at det stod 1-1 til pause. Det mest gledelege var at unge spelarar viste seg skikkeleg fram. Asgrim Farnes prova at han vil bli ein viktig spelar for oss denne sesongen. Også Viljar Nesse synte gode takter då han kom inn på slutten av kampen. Det gror med andre ord godt i Balestrand. Måla vart scora av Asgrim Farnes (2), Eirik Thue, Kristjan Ingi Nesse og Johannes Nilsson.  (Startoppstilling: Sigve, Teddy, Lars Kjetil, Ole Petter, Håkon Haugen, Rony, Johannes, Kristjan, Asgrim, Eirik og Per Inge. Innbyttarar: Adrian, Birk, Georg og Viljar)

Ny siger

Kamp tre mot Årdal 2 vart utsett fordi bortelaget sleit med både eksamen og skiftplan. Dato for ny kamp er førebels ikkje bestemt. 

Måndag kveld fekk vi besøk av Dale 2, eit lag vi vanlegvis må slite for å slå. Upresise pasningar prega diverre kampen, men ikkje verre enn at vi vann komfortabelt. Til slutt stod det 4-0 på den indre lystavla. Det mest positive denne kalde og regnfulle maikvelden var at vi endeleg ser ut til å ha fått skikk på det defensive spelet. Det er ei stund sidan vi sist heldt nullen. Vår eminente statistikkmann i Qatar, Hans Olav Bale, skriv følgjande i ein e-post: Det var vel ein seriekamp i 2009 at vi heldt nullen sist. Det er i allefall notert 3-0 heime mot Kaupanger 2 i 2009. Elles må ein tilbake til 2008. 

Solid backspel i lag med Ole Petter og Lars Kjetil sine bidrag i midtforsvaret er gull verd. Måla i kampen vart sett inn av Kristjan Ingi Nesse (2), Ole Petter Haugstvedt og Lars Kjetil Nordeide(str.). (Startoppstilling: Sigve, Gustav, Lars Kjetil, Ole Petter, Håkon, Rony, Johannes, Kristjan, Adrian, Eirik og Asgrim. Innbyttarar: Arnstein, Georg, Per Inge og Arve.

Dermed er status ni poeng på tre kampar. Neste utfordring er Askvoll/Holmedal på bortebane søndag.

Elles er det verd å nemna at våre menn i Bergen legg ned ein framifrå innsats på bana, men også på landevegen. Dei viser gode haldningar, som mange kan læra av, når dei brukar så mykje tid og krefter på ein kamp i vekedagane. Strålande. 

Via andrelaget 

Balestrand sitt 6. divisjonlag har også stramma musklane denne sesongen. Resultatmessig har det ikkje vore ein opptur så langt.
Den første kampen mot Vik sine nest beste enda med 3-2-tap. Ein kamp vi var fullt på høgde med vikjene, men sleit med å omsetje sjansar til mål. Kim Andre Marifjæren og Eirik Thue scora kvar sitt. 

Kamp nummer to var mot Sogndal 3, eller meir korrekt Sogndal 2. Sogndølene stilte med eit svært godt lag og vann 7-0. 

Sjølv om det har vore stang ut så langt, er 6. divisjon ein god kamparena for dei som vil opp og fram. Her får unge spelarar prøva seg på seniornivå og spelarar som er i vasskorpa til førstelaget får høve til å spela seg i form. 

Det fungerer også slik at gode prestasjonar på andrelaget gjev plass i førstelagstroppen. Håkon Haugen er eit godt døme på korleis det skal fungere. Han spelte ein kanonkamp i 6. divisjon mot Vik, og prestasjonen har gjort at han har spelt seg inn på 5. divisjonslaget, og har starta dei to siste kampane. 
Så det gjeld å gripa sjansen ein får på 6.divisjonslaget. 



Foto:Eirik Thue



Foto:lars jonas



Skrive av: Eirik Thue (24.05.11 - 12:00)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943874 besøk, sidan 18. juli 2005