Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gutelaget i historisk kamp



Arkivfoto
Foto:

Gutelaget spelte i kveld mot Kaupanger IL på Kreklingen og vant komfortabelt 5-2. Akkurat det er jo ikkje spesielt historisk, men....

 

I Balestrand IL har vi no ein fin haldning i alle lag til å gje einskildspelarar ein best mogeleg utviklingsarena både i trening og kamp.

Spelarar som har ambisjonar og vil mykje, dvs spelarar som i første rekke har eit god treningstalent, får lov til å vere saman med dei som er eldre. Slik får gutespelarar vere med på herrelaga, lillejenter på småjentelaget... og på den måten strekke seg og utvikle seg.

På gutelaget har vi naturleg hatt med smågutesepelarar, - men også jentespelarar. I dag var Oline Lønning og Elsa Nesse med. Og Elsa, som er født i 1997, er faktisk småjentespelar. Det kan jo hende eg tek feil, men eg er rimeleg sikker på at det er første gong ein småjentespelar har spelt ein gutekamp i Balestrand IL. Eg trur faktisk det er rimeleg sjeldan kost om ein no tek føre seg alle klubbane i her fylket.

Elsa i aksjon på bylagsamling

I kveld er vi difor glade for at vi spelte bra og vant
- og stolte for at vi har flytta litt på nokre grenser - og kanskje skrive litt historie.

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (12.05.11 - 23:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943891 besøk, sidan 18. juli 2005