Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gutelaget serieopna med seier



Birk; Knut og Per Aki i aksjon
Foto:

Gutelaget slo eit svakt Vik 2 8-0 i serieopninga på Krekligen torsdag kveld.

 

Ein fotballkamp avheng av eigne prestasjonar - og kva motstandarlaget tillet. I kveld var motstanden heller svak, og det sette sjølvsagt sitt preg på kampen.

Frå første spark var det klart at Balestrandgutane ville dominere kampen. Gutane spelte derimot med litt høge skuldre og var litt unøyaktige både i pasningsspel og i avslutningane. Vi fekk likevel glimtvis til godt kombinasjonsspel, gode løp og kom etterkvart til mange sjansar. Det er dette vi skal ta med oss vidare, jobbe med i trening og kamp, slik at vi stadig gjer meir av dei rette vala. Når måla kom løsna det litt, og Balestrand kunne gå til pause med 4-0. Dette kunne og burde nok ha vore det dobbelte ut frå spel og sjansar - og nivåforskjellen på laga. 

Andre omgong vart kortare slik at Vik skulle rekke ferja heimatt før det vart veldig seint. Balestrand var litt meir effektive og scora 4 mål i denne omgongen også. Som i første omgong var kampbiletet litt rotete, men glimtvis fikk vi sjå gode prestasjonar i denne omgongen også.

Det er kjekt å vere i gong - og kunne stille med ein flott tropp på 15 spelarar med smått og stort. No gleder vi oss til neste kamp mot Årdalstangen på Tangen torsdag 05. mai! 



Skrive av: Arne Abrahamsen (29.04.11 - 00:05)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935932 besøk, sidan 18. juli 2005