Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget vann KM innandørs



Glade KM vinnarar
Foto:Ukjent

Jentelaget vart historiske då dei som første lag frå Balestrand vann KM sluttspelet i Florø

I innandørsfotball er det uhyre småe marginar. Det fekk småjentelaget erfare tidlegare på dagen. Laget vart av mange sett på som ein av favorittane til KM tittelen etter at dei lett tok seg vidare til semifinalen som vinnarar av si gruppe etter tre sigrar og ein uavgjort kamp i innleiingsrunden.

I semifinalen hadde laget god kontroll på Vik sitt småjentelag som på vanleg vis la seg langt bakpå og slo langt medan Balestrand prøvde å spele fotball. Laget frå Balestrand var imidlertid ikkje dyktige nok til å setje sjansane. Berre ein gong klarte dei å overliste Vik sin gode keeper. Vik derimot scora på sin eine sjanse. Dermed 1-1 etter full tid og ekstraomgang. Då laget heller ikkje klarte å setje ballen i mål i ekstraomgangen, gjekk Vik vidare på flest hjørnespark.

Ettersom det ikkje var lagt inn pause mellom semifinalen og bronsefinalen, måtte eit tydeleg sliten og skuffa lag ut i ny kamp straks etter. Her venta Sogndal 2 som dei vann enkelt mot i den innleiande runden. Også denne gongen enda kampen 1-1 og det vart enno ein gong ekstraomgang. Denne kampen var heilt jamn, men det såg ut som om jentene skulle dra i land sigeren ettersom dei hadde flest hjørnespark. Men, berre eitt minutt før slutt glapp det i markeringa og Sogndølane kunne score frå kort hald.  

Alt i alt eit godt resultat av Balestrand sitt småjentelag. Å bli nr. 4 i KM er sjølvsagt eit glimrande resultat. Likevel litt skuffande av svært talentfulle jente som ut frå spel og sjansar utan tvil burde ha vore i finalen. Det er imidlertid mykje læring i slike kampar og jentene vil få nye sjansar i åra som kjem. 

Så var det jentelaget sin tur. For fleire av spelarane på dette laget var det tredje gong på rad dei deltok i KM sluttspelet. Sjølv om dei ikkje har lykkast i å vinne tidlegare, har dei etter kvart mykje røynsle. Jentene viste ei herleg innstilling frå kamp ein. Også jentelaget tok seg enkelt til finalen som vinnarar av si gruppe etter at dei vann alle sine fire innleiande kampar.

I semifinalen vart Florø feid av bana (6-2) av eit lag i flytsona. Dermed finale mot erkerival Høyang. Heller ikkje i jenteklassa hadde arrangørane funne det bryet verdt å legge inn pause mellom semifinale og finalar. Sjølv om jentene begynte å bli slitne var det Balestrand som var det førande laget i finalen med fleire store sjansar i innleiinga. Ein svært god keeper heldt Høyang inne i kampen. Etter kvart kom Høyang meir med i kampen. Kaptein Martine tok imidlertid som vanleg ansvar då ho sette eit frispark direkte i mål. Det vart nokre spanande sluttminutt heilt til Oline heada ballen i mål rett før kampen vart blåst av. Dermed kunne jentene juble for 2-0 siger og ein velfortent KM tittel.

Det må nemnast at både småjentelaget og jentelaget sine faste keeperar ikkje kunne delta i sluttspelet. Dermed måtte Lise – May, som til vanleg er utespelar, vere keeper for begge laga. Dette gjekk nok mest ut over småjentelaget som missa ein utspelar. Lise – May storspelte og spelte til saman utrulege 12 kampar i løpet av laurdagen og var ein svært viktig bidragsytar til jentelaget sin KM tittel. Ein imponerande prestasjon.  

På vegen heim vart det stopp i Førde på pizzarestaurant ettersom BIL spanderte pizza på spelarar og leiarar etter dei gode prestasjonane til jentene. Det er flott å representere ein klubb som viser at ein set pris på spelarar og leiarar.


Balestrand jentelag - alltid på topp
Foto:Ukjent



Skrive av: Alf Høyrem (06.03.11 - 22:22)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935936 besøk, sidan 18. juli 2005