Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrandjenter uttekne i toppgruppe



Mange talentfulle Balestrandjenter
Foto:Åge Skrede

Rebekka og Elsa er tekne ut i SFFK si toppsatsingsgruppe for perioden 15. februar til 1.juli.

Imponerande med tanke på at det berre er tre jenter i denne årsklassa i heile fylket som er tekne ut. Martine er og med i toppgruppa.

Synnøve, som og er ein lovande spelar,  følgjer tett bak  og er teken ut i utfordrargruppa som ei av totalt tre jenter i denne årsklassa. 

Toppgruppa består denne gongen av tre spelarar f. 97, sju splearar f. 96, ti spelarar f. 95 og to spelarar f. 94.

Dersom ein tek med Ida som gjekk over til Høyang, har Balestrand heile fem jenter som har blitt tekne ut i toppgruppa dei to åra denne ordninga har eksistert. Å vere med i toppgruppa krev mykje av den einskilde spelar. SFFK har følgjande forventningar til spelarane: 

  • 100% treningsoppmøte.
  • Systematisk arbeid med utviklingsmål – dvs eit bevisst forhold til eigentrening.
  • Rapportering til krinsen ved skade/sjukdom.
  • Treningsdagbøker sendast på epost til spelarutviklar SFFK den 1. og den 15. kvar månad, med kopi til lagstrenar/spelarutviklar klubb.
  • Skulearbeid skal prioriterast.
  • Gjere sitt beste og være eit forbilde både i trening og kamp, spesielt når ein spelar med nokon i eigen årsklasse.
Også dei som er med i utfordrargruppa må sende inn treningsdagbøker. Det er og ei forventning om at trenarar skal følgje utøvarane på samlingane. Det vil verte samlingar ut over vinteren og våren både på Sandane, Eid og Florø. Perioden avsluttast med at dei aller beste deltek i regionalt tiltak i Stavanger 5. – 8. mai. Det vert difor ein spanande og travel vinter og vår for spelarar og trenar.

 


Elsa - talentfull spelar
Foto:Stig Høynes


Rebekka - talentfull spelar
Foto:Stig Høynes



Skrive av: Alf Høyrem (19.02.11 - 14:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935333 besøk, sidan 18. juli 2005