Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Juniorlaget vann 6-1



Rony i trening (arkiv)
Foto:

Eit bokstaveleg redusert Kaupangerlag vart relativt enkel match for Balestrand sitt juniorlag i dag.

Kaupanger sine juniorar stilte med berre 10 mann til kamp på krøllgraset i Høyanger. I dag var forholda spesielle for fotball med 6-7 kuldegrader og hard og stadvis litt glatt bane. 

Med desse føresetnadene for kampen, hadde Balestrand sine juniorar full kontroll defensivt. Framover rulla vi opp fleire gode angrep, men var ofte for unøyaktige i nestsiste eller i siste trekk. Sjølvsagt må bana ta ein del av skulda for dette, men vi har nok framleis litt å gå på no så tidleg på året!

Etter tre, fire store sjansar som vi såg i mål alle saman lukkast vi midt i omgongen når Asgrim breisida inn eit overlegg frå venstre. Etter dette var det ingen tvil:

1-0   Asgrim Farnes
2-0   Håkon Haugen
3-0   Daniel Bjåen
4-0   Sjølvmål
4-1
Pause
5-1   Lars Kjetil Nordeide
6-1   Rony Olguin 

Vi burde nok ha putta minst 3-4 mål til etter spel og sjansar i dag  Vi må nok løfte oss både på presisjon og det å vere skarpe framføre mål allereie no til førstkommande tysdag kveld kl 19.00 når Sogndal sine juniorar er motstandarar på bana i Høyanger.

Elles er det hyggeleg å sjå at unge spelarar som Fredrik og Per Aki, som ikkje har mange sekundar fotball på juniornivå tidlegare, begge gjer ein god innsats og leverer gode prestasjonar i dag.

Balestrand stilte i dag med følgjande tropp;
Sigve Meling, Ole Tjugum, Jon Olav Aasen, Håkon Haugen, Lars Kjetil Nordeide, Kjell Andre Bakken, Kåre Andre Thue, Fredrik Hanevik, Birk Isane, Georg Nesse, Daniel Bjåen, Per A. Kvikne, Nicolai Andersen, Asgrim Farnes og Rony Olguin.

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (12.02.11 - 23:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935822 besøk, sidan 18. juli 2005