Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentelaget og jentelaget klare for KM sluttspel



Småjentelaget - suverene vinnarnar av KM kvalifiseringa
Foto:Tambar cup

Begge laga til sluttspel

Småjentelaget spelte kvalifisering i Vik laurdag. Laget vann kvalifiseringa på ein overbevisande måte ved å vinne alle sine fem kampar ( målscore 22 – 1) etter tidvis flott og klokt spel.

Balestrand hadde med eitt småjentelag til i kvalifiseringa som bestod av spelarar fødde i 98 (ein i 99). Sjølv om det ikkje gjekk så godt resultatmessig er det verdt å merke seg måten laget spelar fotball på. Også dette laget er veldig spelande og har fleire spanande spelarar på gang. 

Søndag var det jentelaget sin tur. Etter ein svært så dårleg opningskamp der laget tapte 1- 0 for eit heilt ordinært Høyang lag, skjerpa dei seg valdsamt og vann dei tre resterande kampane lett, men utan å nå opp til sitt aller beste (målscore 14 – 2). Likevel meir enn godt nok til å gå vidare til sluttspelet også for dei. 

Dermed klarte me målsetjinga om å få begge laga til sluttspelet i Florø og må vere godt nøgde med det.


Ingen pokal denne gongen for jentelaget. Likevel godkjend innsats
Foto:Tambar cup



Skrive av: Alf Høyrem (07.02.11 - 10:23)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939278 besøk, sidan 18. juli 2005