Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrandjentene dominerte



Suverene vinnarar av Hessa cup 2010
Foto:Åge Skrede

Både jentelaget og småjentelaget bøtta inn mål og vann sine klassar i 5ar fotball under Tambar cup.

Begge laga vann alle sine kampar. 

Kampane vart spelt i hallen i Naustdal. Lengda på kvar kamp var berre 11 min. Jentelaget møtte liten eller ingen motstand under dei tre innleiande kampane og semifinalen laurdag. Med ein målskilnad på 23-3 tok dei seg enkelt til finalen etter tidvis fin fotball. Verre vart det i finalen der dei møtte eit godt Førde lag som var godt organisert og som spelte klokt. Sjølv om Balestrand var det beste laget måtte dei slite for sigeren. Førde tok leiinga, men jentene frå Sogn haldt roen og kunne til slutt juble for ein fortent 2-1 siger. Sigeren smakte ekstra godt ettersom laget tapte ein dramatisk semifinale mot Førde på straffesparkkonkurranse under Tambar cup i fjor. 

Søndag var det småjentelaget sin tur. Laget var det suverent beste laget i småjenteklassa og vann finalen mot Tambarskjelvar 4-1. Målskilnaden etter dei fire innleiande kampane og dei to finalekampane var 30-2. 

Dermed to nye pokalar i premiesamlinga til jentene frå Balestrand.

Balestrand har, om ikkje ei stor, så i alle fall ei felles treningsgruppe for jenter/småjenter som held god standard med god kvalitet på treningane. Dette er med på å danne grunnlaget for gode prestasjonar. 

Det må og seiast at dersom ein ser bort frå Førde sitt lag i jenteklassa, var nok ikkje nivået på dei andre deltakarlaga i jenteklassene all verden. Turneringa var imidlertid ei god gjennomkjøring før KM kvalifiseringa neste helg. Det er då det gjeld.


Jentelaget - suverene vinnarar av Tambar cup 2011
Foto:Tambar cup


Småjentelaget - også suverene vinnarar av Tambar cup 2011
Foto:Tambar cup



Skrive av: Alf Høyrem (31.01.11 - 15:34)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935921 besøk, sidan 18. juli 2005