Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Juniorlaget slo Bjørn



Arkivbilete Roni spelte bra og sette inn 4-1 målet
Foto:

Juniorlaget måtte spele sin første heimekamp i vinterserien for juniorar på kunstgraset i Høyanger laurdag 29. januar. Det enda med ein flott 6-2 siger.

Første omgong var jamnspelt. Det var likevel Balestrand som skapte mest, og det var ikkje ufortent at Håkon Haugen kunne gje Balestrand 1-0 etter ein corner. Like etter utlikna Bjørn til 1-1 etter eit fint angrep rulla opp på deira høgreside. Balestrand svarte og gjekk opp i ei 2-1 leiing etter nok ein corner, denne gongen med Georg som målscorar. Det var det siste som  skjedde før Jarle Andersen bles til pause, og vi kunne stikke inn i garderoben og få litt ly for snøbygane som for over bana..


Balestrand gutane forsøkte å få ballen til å gå langs bakken denne første omgongen, men har naturleg nok enda noko å gå på når det gjeld presisjon, rytme og samhandling då vi mest ikkje har trent på bane på 2 månader. Det var difor kjekt å sjå at spelet kom seg utover kampen, og at vi i andre omgong rulla opp fleire bra angrep.

Men det var på corner vi var effektive denne kampen - og igjen var det Georg som etter litt klabb og babb i feltet kunne sette inn 3-1. Så fekk Roni vist seg fram frå sin høgre kantposisjon. Med eit flott rykk og god balanse runda han ein forsvarsspelar og sette ballen frå skrått hald nede ved motsatt stolperot. Med 4-1 verka kampen kjørt, men Bjørn sto på ein periode midt i omgongen. Thor redda mesterleg då ein Bjørnspelar kom aleine gjennom, men måtte gje tapt like etter då ein Bjørnspelar kom fri og sette ballen utagbart opp mot høgre kryss.


Då er det godt å kunne svare med det samme. På ei langt framspel lurer Asgrim offside fella og er aleine med keeper. Då står det 5-2. Etter dette er det stort sett berre Balestrand. Etter brukbart spel vert det heile avslutta med kampens flottaste angrep. Nikolai set fart på på høgresida og finn Kim som har full turbo på eit fint vinkla løp på utsida av backen. Han runder, og frå nær kortlina legg han hardt inn langs bakken. Her kjem 3 balestrandspelarar i ulike rom framom mål, og det er Asgrim som får breiside inn ballen kontant i mål til 6-2.

Alt i alt vert dette ein fin gjennomkjøring. No gler vi oss til å møte Høyang denne gong på bortebane på Høyanger kunstgras. Denne kampen vert  truleg spelt torsdag 10.02.11.  
 



Skrive av: Arne Abrahamsen (29.01.11 - 23:05)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935241 besøk, sidan 18. juli 2005