Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Til topps i bylagsserien



Elsa, Synnøve og Rebekka, alle viktige bidragsytarar på team Sogn sitt bylag som vann årets serie
Foto:Stig Høynes

Team Sogn sitt jentelag gjekk til topps i bylagsserien med tre Balestrandjenter på laget

I regi av Noregs Fotballforbund vert det i kvar krins teken ut bylag der dei beste spelarane deltek. I Sogn og Fjordane er det tre bylag, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Uttaket skjer etter at klubbane nominerar spelarar, i år gjeld dette spelarar født i 96 og 97. Spelarane møter så på uttakssamlingar der 20 - 25 spelarar vert tekne ut.  

Balestrand har denne hausten hatt med tre jentespelarar på Sogn sitt bylag, Elsa, Synnøve og Rebekka. Det har vore fire treningssamlingar. I tillegg har det vore tre turneringar, ei i kvar av dei tre regionane, der bylaga har spelt mot kvarandre. Til kvar av turneringane har det vore teke ut 14 utespelarar og to keeperar.

Alle tre Balestrandjentene har klart seg veldig godt og har vore tekne ut til alle tre turneringane. Sogn har hatt det klart beste bylaget på jentesida denne hausten. Gode trenarar har hatt fokus på at laget skal vere spelande, og laget har til tider spelt ut motstandarane med godt pasningsspel. Søndag gjekk laget til topps i bylagsserien etter at dei vann sine to avsluttande kampar på Eid der dei tre jentene frå Balestrand var viktige bidragsytarar.  

Elsa, Rebekka og Synnøve er heilt klart tre lovande unge spelarar med gode ferdigheiter og ikkje minst, gode haldningar, som det skal verte spanande å følgje i tida framover.

 


Elsa har utvikla seg til å bli ein god midtstoppar
Foto:Stig Høynes


Rebekka scora Sogningane sitt første mål i kampen mot Nordfjord
Foto:Stig Høynes



Skrive av: Alf Høyrem (14.12.10 - 15:21)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939293 besøk, sidan 18. juli 2005