Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sølvgutane



Sølvgutane frå Balestrand
Foto:

Gutelaget til Balestrand gjorde ei solid turnering - og vann sølv i Førde Cup.

 

Balestrand stilte med to gutelag på Førde Cup. Balestrand 2 fekk ei gruppe med 5 lag i innleiinga. Det vart først eit relativt klart tap mot Tambarskjelavar IL 1 med 4-1,som vart følgt opp av ein litt svak kamp og 3-1 tap for Førde IL 6.

Kåre og Kjell Andre spelte stadig betre

Så kom spelet seg mykje i dei to neste kampane. Mot Bergen Nord var det 2-2, men her burde Balestrand absolutt ha vunne. I siste kampen leia Balestrand nesten heile kampen mot Masueidvåg/Solevåg IL, men slitne gutar som gav absolutt alt, måtte likevel sjå 2 baklengs komme heilt på tampen av kampen. Med det vart det tap, og laget var ute av turneringa. Laget heva seg mykje siste dagen og kan absolutt vere nøgd med innsatsen.

Karol ..

Daniel - toppscorar på andrelaget og ga alt

 


Balestrand 1 starta mot Førde 4. Det var litt høge skuldar dei første minutta, men så kom flyten og måla litt etter kvart. Sistemålet var kampens beste augneblink med klikk klakk på ein touch gjennom forsvaret. Med det vart det 6-1, og laget hadde fått ein god start.


Birk og Georg mot Førde 4


Neste kamp var mot Gaular 1. På førehand den kampen vi frykta mest. Det vart då også jamt. Gaular gjekk opp i 1-0 og kjempa godt. Vi utlikna og gjekk opp i leiing, men kampen stod framleis å vippa. Først då Nicolai sette inn 3-1 målet heilt på slutten kunne vi sleppe jubelen laus.

Siste kampen på laurdagen i det innleiande spelet var mot Jølster. Denne kampen kontrollerte vi defensivt, og når vi scora 2 mål hadde vi god kontroll. Med 3 sigrar vann vi gruppa, og var klare for kvartfinale søndagen.


Her skulle vi møte Mauseidvåg/Solevåg som Balestrand 2 tapte knipent for dagen før. Vi undervurderer dei kanskje litt, for dei gjev oss betre motstand enn venta. Vi leiar 2 gonger men dei reduserer til 2-2 ikkje lenge før slutt. Det vert nerve i kampen, før Birk tek ansvar. Han tek ballen med seg frå sin bakposisjon, og kring midbana klinkar han ballen heilt opp i høgre kryss. Med 3-2 er vi klar for semifinale.

Og kven møter vi her? Jau Tambarskjelvar 1 - same lag og mange av dei same spelarane som slo oss ut semifinalen i Førde Cup i fjor. Med tre knipne semifinaletap på litt over eit år for mange av desse gutane vart dette ein spesiell kamp. Ville vi klare å bli kvitt dette semifinalespøkelset?


Fredrik, Birk og Nicolai varmar opp (Arild og)


Heiltente gutar feia all tvil til side. Dei vann kampen över Tambarskjelvar - og dei vann over seg sjølv. Med 2-0 og god kontroll kunne vi kaste eit spøkelse på dør, og sleppe jubelen laus. Vi var klare for finale!


Liv på tribuna. Eirik Thue ynskjer lukke til før finalen.

  
Her stod Førde 1 for tur. Dette var eit godt lag, men vi var på ingen måte spelt ut. Dei gjekk opp i leiing, men Georg reduserte med eit flott skot. Dei gå på ny opp i leiing, men vi er godt med og berre ein god førdekeeper held dei i føringa. Så er vi rett og slett litt uheldige i to situasjonar der Tommy spelar ei pasning rett i ein Førdespelar og i mål. Så ein duell mellom to spelarar der ballen faller ned i, og mellom beina til Tommy som kjem ut, og ballen trillar sakte i mål. Det vert med dette 4-1 til Førde, som vinn resultatmessig komfortabelt tilslutt. Men resultatet kunne fort vore eit anna - om marginane hadde vore på vår side denne finalen.

Vi deppar likevel ikkje. I ei guteklasse med 26 gode lag har vi levert solide prestasjonar, - og vi har vunne sølv. Det er vi stolte av!


Sølvgutane frå Balestrand jublar over medaljar og pokal. 
Bak frå venstre: Lars Berge, Fredrik Hanevik, Birk Isane og Nicolai Andersen
Framme frå venstre:  Georg Nesse, Tommy Ese og Asgrim Farnes. 

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (11.11.10 - 00:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943873 besøk, sidan 18. juli 2005