Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Strålande av juniorlaget



Lars og Lars og Adrian i bakgrunnen
Foto:

Med Førde 2, Førde 3, Follese FK 1 og Bergsøy 1 i gruppa, var det nok få som ville ha satsa pengane sine på at Balestrand sitt unge juniorlag skulle ta seg til sluttspel.

 

Med berre førsteårsjuniorar og hjelp frå guttelaget, var det ein ung tropp som entra bane 3 i Førdehuset fredag kveld kl 20.45. Med Førde 2, med spelarar med 2.divisjonserfaring på motsett banehalvdel, såg det ut til å bli David mot Goliat. Men det kan jo gå bra veit vi..

Lars Kjetil og Adrian viser stor klasse og skaper tryggleik i laget. Sjølv om Førde 2 har ballen ein del, klarer dei ikkje å skape dei store sjansane. Kanongod defensiv organisering gjev også Balestrand sine molgelegheiter på gode overgangar, men heller ikkje vi klarer å få hull på byllen. Men 0-0 i denne første kampen er eit resultat vi er svært godt nøgde med.

 Adrian spelte ei stor turnering!

Med sjølvtillt etter første kampen er optimisme i troppen når Førde 3 står klare som neste motstandar. Og juniorane imponerer stort igjen. No har vi eit klart grep om kampen, og vinn fortent 2-1. Frå denne kampen heng perlescoringa frå Lars Ketil på netthinna framleis. Frispark som vert curla heilt, heilt i krysset. - Og laget har fått eit strålande utgangspunkt framfor dei to kampane laurdag. 

Så etter pizza på Peppes laurdagsettermiddagen var det endeleg klart for Follese FK1 utpå kvelden. Og for ein dessert kampen vert. Balestrand vinn heile 4-1, og vi er i ferd med å overraske fleire enn oss sjølve. 

Bergsøy 1 er siste utfordring. Dette er eit lag av eldre junior - og store eldre juniorar.. Dei har så langt også vunne alle sine kampar. Slikt kan skremme mange, men ikkje Balestrandgutane. Dette vert angriparane sin kamp med Kim og Lars Berge. Kim fordi han spring dei i senk og serverar, og Lars som scorer alle Balestrand sine 4 mål. Litt av ein prestasjon av ein guttespelar som knapt har spelt inne før. Når signalet går er det 4-2 til Balestrand, og ein utruleg sterk siger er eit faktum.

Når vi summerer opp er Balestrand vinnar av gruppa, og klar for semifinale! Det ville nok ikkje mange trudd før vi starta ballet!

I semifinalen vert det jamnt mot Bergsøy 2. Dei scorar 2 enkle mål og vi klarer ikkje heilt å omstille til høgt press. Adrian vert desverre skada med eit overtråkk. Men med 3 guttespelarar på bana presser vi på og reduserer til 2-1. Men fleire mål vert det ikkje, og vi må gratulere Bergsøy 2 med finaleplassen.

Med Adrian skada, og ein guttefinale rett etter bronsfinalen til juniorlaget, må vi prioritere. Gutespelarar frå 2.laget på gutesida kjem inn i bronsefinalen mot Bergsøy 1, slik at vi klarer å stille lag i denne siste kampen. Desverre får vi ein marerittstart med mål direkte frå avspark og i tilegg tre superraske mål dei første minutta. Siste del av kampen får vi stablilisert laget og speler 2-2, og kunne faktisk ha scora nokre til. Men det gjer vi ikkje, og Bergsøy 1 får sin revansje med 6-2.

Sjølv om semifinale og bronsefinale vart litt nedtur - vil eg karakterisere juniorlaget sin innsats i Førde Cup som glimrande. Dette vart lagt merke til rett og slett - og vi må i ettertid vere strålande nøgde samla sett.  

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (10.11.10 - 20:11)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943860 besøk, sidan 18. juli 2005