Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget vann bronsefinalen



Balestrand sine superjenter
Foto:Åge Skrede

Jentelaget vann bronsefinalen under Førde cup etter ein thriller av ein finale mot erkerival Høyang.

Før ein kom så langt, vann laget alle sine fire innleiande kampar laurdag. Laget hadde god kontroll i alle kampane;

Balestrand – Loddefjord 1,  3-0, Balestrand – Førde 2, 4-0, Balestrand – Gaular  4-3, Balestrand – Tambarskjelvar 4-1 

Dermed var det klart for kvartfinale på søndag som vinnarar av gruppa. I kvartfinalen vart Larsnes feid av bana med heile 5-0.

Så var det klart for semifinale mot Loddefjord 2. Dette var Loddefjord sitt beste lag. Diverre kom ikkje jentene opp mot sitt beste i denne kampen, og det vart gjort fleire personlege feil. Laget frå Loddefjord vann til slutt 4-2. Det var ingen skam å tape for dette laget. Loddefjord vann Dana cup i sommar og fleire av jentene spelar for damelaget i 2. divisjon. Loddefjord vann seinare finalen mot Førde. Likevel var tapet litt bittert ettersom laget frå Balestrand ikkje presterte på sitt beste i denne kampen.Dermed var det klart for bronsefinale mot Høyang.

Sjølv om både jenter og trenar var litt skuffa over at det ikkje vart finale, er det aldri problem med motivasjonen når motstandaren er erkefiende Høyang.

I bronsefinalen var det Høyang som kom best i gang og som hadde dei største sjansane. Dei gjekk etter kvart opp i ei 2-0 leiing og det såg ut som om det skulle bli eit nytt tap. Men, desse jentene er berre heilt utrulege. Det var under to minutt igjen  av kampen då Martine klinka ballen i mål etter eit herleg treff slik som berre ho kan gjere det. Og berre sekundar før slutt klarte utruleg nok Malin å pirke ballen i mål etter full panikk i Høyang sitt forsvar. Vill jubel i Balestrandleiren, medan Høyang, som hadde bronsemedaljane langt nede i lomma, såg rimeleg fortvila ut. Dermed ekstraomgang. Balestrandjentene var no skikkeleg på hogget. Ikkje overraskande var det måltjuven Oline som avgjorde kampen med ein herleg vipp over keeper.

Gledesscenene som utspant seg etterpå var på nivå med det ein ser når lag vinn VM. Minst. Dermed ein enorm opptur for jentene etter det bitre tapet i semifinalen.

Fire av jentene var med på laget som vann småjenteklassa under Førde cup i fjor. Innandørsfotball set høge krav til tekniske ferdigheiter. Trenaren vert difor stolt når han ser kor gode Balestrandjentene er teknisk. Både Martine og Oline er truleg nokon av dei beste 15 åringane i Noreg. Då trur eg faktisk ikkje at eg tek munnen for full. Men, det kanskje mest gledelege er at det no er langt fleire som bidreg enn under tilsvarande turnering i fjor. Torunn og Heidrun t.d. har hatt ein framgang som verkeleg varmar eit trenarhjarte.

Etter ei helg i Førde saman med fotballungdom frå Balestrand er eg imponert over alle dei flotte ungdomane me har, både jenter og gutar. Dei sportslete resultata synest eg og er imponerande gode når ein veit kor fåe me er som bur i denne bygda. Me som er trenarar og leiarar legg ned mykje frivillig arbeid i fotballen, men du verden så mykje me får att. Spesielt under slike turneringar kor ein ser at så mange trivst med fotballen og den sosiale råma rundt den.

Men, ein slik bronsefinale som underteikna opplevde søndag, veit eg ikkje om eg overlever ein gong til. Ein takk til gulljentene ”mine” som lar oss få oppleve så mange flotte fotballstunder. Me er utruleg stolte av dykk.



Skrive av: Alf Høyrem (08.11.10 - 18:17)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943862 besøk, sidan 18. juli 2005