Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gutelaget avslutta med stil



Gutane tok bølgen til ære for publikum
Foto:

Etter eit knipent tap mot Bjørn førre kamp var gutane innstilt på å avslutte med stil. -Og med stil var det! Aldri før har Vik måtte reise heim med 9 baklengs i bagasjen.

 

Vik er eit lag Balestrand har hatt mange jamne oppgjer mot dei siste åra. Denne sesongen har Balestrand derimot vunne dei to tidlegare møta, og Vik var klart revansjesugne og ikkje minst oppmuntra av ein storseier mot Kaupanger i siste kamp. Vi venta difor ein tett og jamn kamp denne seine oktoberkvelden på Kreklingen.

Etter tett regn tidlegare på ettermiddagen vart det opphald og flotte speleforhold då Arnstein bles i gang kampen. Frå første spark kunne vi sjå at heiltente Balestrandgutar tok kommandoen. Det var vist godt defensivt spel, slik at Vik ikkje kom til om lag i det heile. Offensivt vart det vist ein del fint pasningsspel, men utan at vi klarte å skape dei heilt store sjansane. Det vart nokre langskot som stort sett fauk over.

Men eit trufast og strålande heimepublikum skulle få mykje å juble for denne kvelden. Fredrik trekker seg fri og speler opp Asgrim på venstrekanten. Han lurer av eit par mann og rykker innover i feltet - og plasserer ballen kontrollert i lengste hjørnet til 1-0.

Så kjem ein flott prestasjon. Birk vinn ballen på venstresida litt inn på Vik sin banehalvdel. Han ristar av seg ein Vikspelar som heng i skuldra, forserer framover og smell til frå kring 25 meter, og ballen smell i tverrliggaren og ned i bakken i målet - og då står det 2-0.

Så er det klart for frispark frå kring 25 meter. Asgrim klemmer til og via ein høg arm i muren daler ballen i ei fin boge over keeper og i mål. 3-0 står seg til pause etter at det jamnar seg litt ut mot slutten av omgongen. Totalt sett godt nøgde med omgongen sjølv om vi veit at vi har potensiale til enda betre samhandling og flyt i angrepsspelet. Defensivt har derimot vi stort sett full kontroll både i midtbane og forsvarsledder - og slepp ikkje Vikjene til ein einaste skikkeleg sjanse.

  To godt nøgde karar

 

I andre omgong vaknar Nicolai til live, og surrar rundt med Vik si høgreside. Det går ikkje mange minutta før han noterer seg for mål. Nikolai skjærer inn frå venstre og plasserer ballen i lengste hjørne til 4-0, og no er det definitivt berre eit spørsmål om kor stor sigeren vert.

No får vi sjå mykje fin angrepsfotball. Balestrand dominerer midbana totalt i 2. som i 1. omgong, og i tillegg får vi spilt opp kantane enda betre. Oline spelar seg fint inn i kampen etter ein litt forsiktig start, og viser sitt potensial med mange fine involveringar.

Asgrim aukar til 5-0, og 6-0 på eit skot i krysset frå 20 meter, før Birk smell til frå 30 meter og ballen sug seg inn nede ved venstre stolpe til 7-0. Så puttar Nicolai og Asgrim ytterlegare kvar sitt og fastset sluttresultatet til 9-0.

Det er fantastisk moro å ha 18 spelarar i troppen som heiar kvarandre fram til gode prestasjonar. I andreomgong bytter vi inn 4 nye spelarar med det same og ytterlegare 3 nye litt ut i omgongen! Likevel held vi struktur og slagkraft i laget. Balestrand var faktisk langt nærare både 10 og 11 enn Vik var nær eitt.

Gutane takkar eit trufast publikum med bølgen. - Dette var ei verdig avsluting på ein sesong med mange gode resultat - og ikkje minst - ein sesong der einskildspelarar og laget har utvikla seg mest frå kamp til kamp.

 

Vi spelte med: 


Tor Tjugum
Tor er keeper i første omgong og står prikkfritt. Vik får nokre halvsjansar, men dei avvergar Tor meisterleg.

Tommy Ese
Er keeper i andre omgang. Kan tilliks med Tor bokføre ein prikkfri kamp. Ei klasseredning og tek seg elles av dei relativt få forsøka frå Vik på ein god måte.

Viljar Bakke Nesse
Er høgreback. Speler truleg sin beste kamp. Vinn mest alle duellar defensivt og bidreg positivt framover med gode pasningar og løp langs kanten. Vi ser konturane av ein klasseback. - Viljar er nok den spelaren som har teke dei aller største stega denne hausten.

Martine Wolff Nesse
Er midtstoppar i første omgong. Speler som vanleg klokt med god posisjonering og sikre klareringar. Er roleg med ball og bidrar også med gode oppspel.

Kjell Andre Bakken
Kjell Andre har fotfeste i dag - og då er han god. Er fult fokusert i midtforsvaret og slepp sjeldan ein Vikspelar seirande ut av ein duell. Verkelig opptur frå sist kamp!

Kåre Thue
Speler midtstoppar i 2. omgong. Slit litt med plassering i starten, men får justert posisjon, og kjem etterkvart flott inn med stor duellstyrke. Er blitt langt betre på gode val med ballen , og bidrar på denne måten til at vi får sett i gang angrep på ein god måte.

Roger Fjærestad Sande
Speler back i 2. omgong. Er ikkje heilt venn med ballen i starten. Får etter kvart betre og betre følelse, og stenger sida betre utover omgongen. Får også nokre gode offensive bidrag gjennom pasningar og gode kast.

Daniel Dale
Kom inn som back og etter kvart midtstoppar. Daniel løyser begge rollene svært bra. Kan ikkje hugse at Daniel vart spelt ut ved eit einaste høve. Imponerande.

Jonakim Hanevik
Jonakim kjem inn i 2. omgong og spelar venstre back. Her gjer han ein solid jobb og stoppar det som kjem på den kanten.

Karol Sen
Karol slit litt med å komme inn i kampen. Gjer det ofte litt for vanskeleg og vi får balltap i staden for tempo i lengderetning. Kommer etter kvart til fleire innlegg og herjar med backen til Vik. Har nok enda større potensial enn han fekk vist i dag.

Fredrik Hanevik
Fredrik spelar på venstre midtbane. Viser fin teknikk ved fleire høve når han trekker seg fri frå både ein og to mann og legg gode pasningar. Målet vidare må vere å inn enda meir trykk i spelet i avgjerande augneblikk; sette tempo, fullføre rykket heilt forbi, gje 100 % i skotet. - berre tru på det!
 

Oline Lønning
Oline kjem inn i 2. omgong på høgre midtbane. Etter ein litt forsiktig start kjem Oline inn i kampen. Mange gode pasningar på eintouch og gode løp og innlegg frå kanten. Kunne og burde vel ha scora aleine med keeper etter eit flott angrep.

Knut Lee
Kjem inn og spelar venstre midtbane. Jobbar iherdig gjennom heile omgongen. Med litt større ro og presisjon i avleveringane vil det plutseleg bli mange fleire situasjonar kring Knut sitt spel, med andre ord små justeringar kan gje store resultat.

Georg Nesse
Er kaptein og tek ansvar i midtbana saman med Birk. Det er lenge sidan midtbana vår til dei grader har vore dominerande. Har full kontroll defensivt. Utover i kampen klarar Georg i større og større grad å spele både raskt og presist i lengderetning. Dette gjev mykje bra angrepsfotball.

Birk Isane
Ruver på midtbana i dag. Plukkar ballen frå Vikspelarane som om han tok "sukkertøy frå smårollingar" (Akkurat det gjer han jo ikkje då..) Flott driv framover og to stjernemål.

Nikolai Sunde Sundgot
Spelar heit på topp, som er ein uvandt posisjon, ut i 2. omgong. Er litt rusten etter langt skadeavbrekk og litt forsiktig. Trykker betre til utover i omgongen utan at det vert teljande resultat i målprotokollen. Har nok litt å gå på ut i det han fekk vist i dag.

Nicolai Andersen
Nicolai får vist litt av sitt potensial utover i 2. omgong. Når touchen sit veit vi at rykket og avslutningane er av høg klasse. Morosamt å sjå at Nicolai også speler også dei andre gode med flotte pasningar utover i omgongen. Då byrjar vi å nærme oss komplett angrepsspel.

Asgrim Farnes
Asgrim viser klasse og scorar heile 5 mål i dag. Eit perlemål med skotet i krysset frå godt over 20. Treng vel ikkje skrive så mykje meir!

 

 

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (01.11.10 - 00:03)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943953 besøk, sidan 18. juli 2005