Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med nok ein siger



Ny siger for jentelaget
Foto:Åge Skrede

Heimelaget drog i land sigeren etter ein spanande kamp.

I den utsette kampen som eigentleg skulle ha vore spelt for fleire veker sidan, var det heimelaget som hadde det meste av banespelet i første omgang, utan at dei klarte å produsere mange store sjansar. Det var imidlertid laget frå industribygda som scora først då ein av våre forsvararar var så uheldig å setje ballen i eige mål etter corner til bortelaget. 

Heimelaget si utlikning kom og på hjørnespark heilt i slutten av omgangen då Martine scora sikkert etter hjørnespark frå Oline. Dermed 1-1 og pause. Ein sjansefattig omgang der Høyang, i tillegg til scoringa, berre produserte ein farleg sjanse som Anja redda flott.Heimlaget var ikkje på hogget i denne omgangen, for mykje skulle inn i midten, og spissane var ikkje flinke nok til å true bakrom. 

I andre omgang fekk heimelaget til eit betre pasningsspel enn i første og var det førande laget, sjølv om Høyang var farleg frampå eit par, tre gongar. Også i denne omgangen var det bortelaget som gjekk opp i leiinga halvvegs ut i omgangen då dei spelte seg flott igjennom vertane sitt forsvar. 

Oline, som etter kvart vakna av dvalen, gjorde det meste på eiga hand då ho vende opp og plasserte ballen heilt nede ved stolperota nokre minutt seinare. Dermed var laga like langt. I ein periode satt pasningsspelet til heimelaget bra, spesielt venstresida hadde nokre fine kombinasjonar.

Det såg imidlertid ut som om det skulle bli uavgjort for første gong denne sesongen. Men, nei då. 5 minutt før slutt var Oline frampå igjen. Denne gongen med ei vakker scoring, der løp og pasning sat perfekt. På fotballspråket kallast dette for samhandling. Eitt minutt på overtid var det klart for 4-2 til heimelaget etter meir samhandling. Scoringa var nesten ein repetisjon av mål nummer tre. Ballen vart nydeleg tredd igjennom til Oline som scora sikkert. Igjen ei scoring i toppklasse.

Dermed ein alt i alt fortent siger til heimelaget over dei raudkledde frå industribygda. 

Anja, posisjon: keeper

Eit par, tre veldig gode redningar i kampen. Kan med fordel bruke hendene enno meir i staden for å klarere med føtene. Har berre vore keeper eit halvt års tid, men blir betre og betre for kvar kamp. Stort sett trygg og god gjennom heile kampen. Er blitt flink til å kome ut på gjennomspel. Årsbeste. 

Jofrid, posisjon: høgre back

Har vore mykje skadd i det siste, men var tilbake for fult i går. Taklingssterk. Meget god førsteforsvarar. God kamp. Årsbeste? 

Elsa, posisjon: midtstoppar

Uheldig på Høyang sitt første mål. Sikkert og godt spel av ei jente med eit stort potensiale. Nokre upresise framspel trekker ned. Kan bli enno tøffare i duellspelet. 

Torunn, posisjon: midtstoppar

Godt og fornuftig spel heile kampen igjennom. Har hatt ei utruleg utvikling denne sesongen. Gjer ting enkelt og er roleg og trygg med ballen. Meget god kamp.  

Heidrun, posisjon: venstre back

Slit litt med posisjoneringa, men er flink til å klarere ballen. Kan bli flinkare til å bruke fysikken sin. Har enno meir inne. 

Malin, posisjon: høgre midtbane

Er litt småsjuk og går ut etter halvtimen. Har gode finter og er flink til å halde på ballen. Gjer ein god jobb defensivt, men kjem på få løp framover på bana. 

Martine, (C) posisjon: sentral midtbane

Løper og jobbar som vanleg energisk i 2x 40 minutt. Nokre unødvendige balltap. Spelar seg opp ut over i kampen og dominerar etter kvart midtbana. Mange gode pasningar. Kunne med fordel ha prøvd storslegga litt oftare. Fin scoring etter corner. Solid kamp, men så set vi og høge krav til landslagsspelaren vår. 

Brita, posisjon: sentral midtbane

Er litt borte i periodar, men slår ein del flotte gjennombrotspasningar, spesielt ut over i andre omgang. God samhandling med Oline. Litt ujamne prestasjonar, men meget god på sitt beste. 

Synnøve, posisjon: venstre midtbane.

Kjem på mange fine løp på venstresida. Flott venstrefot. Blir litt for lett når ho møter fysisk sterke spelarar. Flott teknikk og god spilleforståing. Spelar alt i alt ein god kamp. 

Oline, posisjon: Spiss.

Høgst ordinær i første omgang. I andre omgang får me sjå ei Oline slik me ønskjer å sjå henne. Går på løp og er flink til å utfordre. Prøver av og til på det umoglege og kan bli flinkare til å bruke medspelarar av og til. Tre klassescoringar i annan omgang der ho viser potensialet sitt. Meget god andre omgang. 28 mål på 11 kampar seier det meste. Landslaget neste? 

Malin (Ims), posisjon: spiss

God bakromsspiss som har spelt fleire gode kampar i haust. Dette var den dårlegaste kampen. Blir litt lite med i spelet, men får og få ballar å jobbe med ettersom ho ligg mot høgre og det meste av spelet blir sett opp på venstresida. Får imidlertid av og til vist at ho er ein rask og god spiss. Kan betre. 

Dyrleif, posisjon: høgre midtbane

Kjem inn for Malin etter ein halv time av første omgang. Jobbar godt, men kjem litt lite med i spelet. Fint steg og god fart i løpa sine, men treng litt meir skulering. Godkjend. 

Lise – May, posisjon: venstre back

Kjem inn for Heidrun halvvegs ut i annan omgang. Jobbar godt. Flink i duellspelet. Speler sikkert og klokt.



Skrive av: Alf Høyrem (26.10.10 - 18:19)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939294 besøk, sidan 18. juli 2005