Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Martine med landslagsdebut



J15 landslaget
Foto:J 15 landslaget

Martine fekk sin landslagsdebut då ho spelte heile andre omgang i kampen mot Sverige fredag.

I den andre kampen mot Sverige som vart spelt søndag, fekk Martine prøve seg dei siste 25 minutta. I tillegg til dei to landskampane, vart det gjennomført trening torsdag og fredag og to treningar på laurdag. 

I den første kampen som vart spelt i Heby, tapte det norske laget 3-2 etter å ha leia 2-0 til pause. Martine spelte venstre kant, ein posisjon ho vel aldri har prøvd seg i før.  I denne kampen meinte trenaren at jentene spelte fantastisk fotball fram til det 63. minutt då Sverige starta opphentinga etter at Noreg hadde leia komfortabelt 2-0. Han hadde aldri før sett eit jente 15 lag så gode på dette nivået. Dei siste 20 minutta vart dei imidlertid kontra i senk av dei blå og gulkledde. 

I den andre kampen som vart spelt i Enköping, tapte Noreg 2-1 etter at Sverige leia 2-0 til pause. I denne kampen fekk Martine prøvd seg på sentral midtbane, ein plass ho er vel kjend med  både på Balestrand sitt jente og gutelag. I denne kampen var Sverige det førande laget i første omgang medan Noreg etter rapportane leverte ein meget god andre omgong. 

Martine var sjølv godt fornøgd med eigen innsats i begge kampane. Ho var mest nervøs føre den andre kampen då ho spelte sentral midtbane, men nervøsiteten forsvann raskt etter at ho kom innpå.

Til trass for to knepne tap, fekk laget skryt frå trenaren som var godt nøgd med det som vart prestert. Han meinte at dette J15 laget er eit meir spelande lag enn tidlegare årgangar, eit lag  som både tør og liker å spele ball.Verdt å merke seg er at det i den siste kampen var over 1100 tilskodarar på tribuna.  

Me gratulerar Martine med landslagsdebuten og håpar at opplevinga gjev inspirasjon til vidare satsing.



Skrive av: Alf Høyrem (11.10.10 - 20:57)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939284 besøk, sidan 18. juli 2005