Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Martine på landslaget



PÅ LANDSLAGET: Martine Wolff Nesse er teken ut i Noreg sin landslagstropp
Foto:Kjetil Nesse

Martine Wolff Nesse er teken ut i J15 sin landslagstropp til dobbelkamp mot Sverige 7. – 10. oktober.

Det var etter eit forfall at landslagstrenar Jan - Roar Saltvik valde å kalle inn Martine. Martine er med på fotballkrinsen si toppgruppe der ho har overbevist. I tillegg fekk ho vist fram litt av sitt potensial på Sogndal sitt utvida jentelag som gjekk heilt til semifinalen under Norway cup i sommar.  

Me er utruleg stolte av Martine som er den første spelaren frå Balestrand som er utteken på eit landslag, i alle fall så langt som eg kjenner til.

Martine er ein fysisk sterk spelar med ein god pasning og skotfot. Men, først og fremst er Martine ei seriøs og målbevisst jente med ei utruleg flott innstilling. Eg meiner og at klubben har vore flink til å legge til rette for at Martine har kunna utvikle sitt talent gjennom treningar og kampar på både gute og jentelaget. Dette er ikkje nokon sjølvsagt ting i alle klubbar. 

Eg håper at eit slikt uttak og kan gje inspirasjon til andre spelarar i klubben til å satse på fotball. Innan aldersbestemt fotball har vi i dag fleire flotte talent, både jente og gutar.Eit slikt uttak gjev også oss trenarar inspirasjon og motivasjon til å halde fram med trenargjerninga. 

Lykke til Martine.



Foto:



Skrive av: Alf Høyrem (04.10.10 - 17:54)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935223 besøk, sidan 18. juli 2005